I tre veker denne sommaren har fylkesarkivet ein praktikant frå Tyskland i arbeid hjå oss. Pauline Eckerline er 16 år, frå Coburg, Bayern og studerer internasjonalt næringsliv ved FOS Bamberg. Vi har fleire arkiv der delar av arkivet er på tysk. Til dømes finn vi fleire brevvekslingar på tysk i arkivet etter museumsdirektøren Gjert Falch Heiberg. Pauline er no godt i gang med å omsetje desse til engelsk for oss.

 

Jente smiler sit framfor eit datamaskin og smiler mot kamera. Ho held i eit gammalt brev. Pauline godt i gang med å omsetje breva frå dr. Hoffmann. 

Gjert Falch Heiberg (1871-1944) er grunnleggaren av De Heibergske samlinger - Sogn folkemuseum som i dag ligg på Kaupanger. Han dreiv eit omfattande innsamlingsarbeid heile livet sitt og bygde opp eit av landets første friluftsmuseum. Under innsamlingsarbeidet brevveksla han men folk over heile landet og av og til ut forbi landegrensene. Ein av desse var dr. Georg Hoffmann frå Tyskland. Vi veit ikkje så mykje om dr. Hoffmann, man han og Heiberg ser ut til å ha vore gode vener. Dottera til Heiberg reiste blant anna og vitja familien til Hoffmann i Tyskland. Storparten av brevvekslinga handlar om gjenstandar som kunne vere av interesse for samlinga til Heiberg.

De Heibergske samlinger har i dag fleire pengesetlar som vart gjeve i gåve frå dr. Hoffman. Då Gjert Heiberg døydde i 1944 inneheldt museet hans nesten 20 000 gjenstandar, som han sjølv hadde katalogisert.

Fylkesarkivet har gardsarkivet etter Øvre Amla, familiegarden til Heiberg. Blant dette materiale har vi brevsamlinga til Gjert Heiberg. Samlinga består av 62 boksar fulle av brev! Heldigvis var Heiberg ein ordensmann. Eit dykk i denne brevsamlinga kan lokka fram ei gledeståre hjå ein lidenskapleg arkivar.

Tyske frimerker til De Heibergske samlinger

Her er to eksempel på brevvekslinga mellom Hoffmann og Heiberg. I 1932 var frimerke som var den store interessa deira. 

Skanna brev frå dr. Hoffmann

Letter, 02.10.1932: From: Georg Hoffmann. To: Herr Heiberg. Topic: He reports that on the 85th birthday of Hindenburg, 7 stamps were published with his head. He also sent him the Polish stamp with Washington. 

 

Skanna brev frå dr. Hoffmann

  1. Letter, 06.12.1932: From: Georg Hoffmann. To: Herr Heiberg. Topic: He hopes that the set Hindenburg stamps arrived well with Mr. Heiberg, this he sent off in October 32. He sends him the prosperous stamps published on 1 November. He also says that he liked them very much. 

For meir informasjon om arkivet etter dr. Hoffman: http://www.arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-SFF_arkiv_000000101258