Adressa til den nye nettstaden er fylkesarkivet.no, og den nye nettstaden erstattar nettstaden fylkesarkiv.no som ikkje lengre vil verte oppdatert.

Med den nye nettstaden håpar vi å kunne gje publikum og brukarar god og relevant informasjon i ei heilskapleg visuell ramme. Vi har lagt vekt på å skreddersy informasjon for våre to viktigaste målgrupper: publikum og kommunar, og vonar desse to brukagruppene no lett vil finne fram til informasjonen dei søkjer.

Den gamle nettstaden fylkesarkiv.no vil vere tilgjengeleg til vi rundar nyåret.