Arkivlovutvalet si utgreiing, NOU: 2019: 9 – Frå kalveskinn til datasjø, har vore eit viktig utgangspunkt for Kulturdepartementet sitt framlegg til ny arkivlov. Arkivmessige utfordringar som følgje av den aukande digitaliseringa i forvaltninga har stått sentralt. Hovudtrekka i dagens arkivlov skal framleis ligge fast, i følgje departementet, men lova må tilpassast korleis den moderne, digitaliserte forvaltninga jobbar og skapar arkiv.

Reguleringane i arkivlova skal sikre heilskapleg samfunnsdokumentasjon. Formålet er å bevare arkiv som inneheld rettigheitsdokumentasjon, men som og har verdi for forsking, kultur og forvalting. Som offentleg arkivinstitusjon har Fylkesarkivet, som ein del av Vestland fylkeskommune, ein posisjon der vårt mandat er å forvalte nettopp denne samfunnsdokumentasjonen.

Som tilsvar til lovframlegget har Fylkesarkivet løfta fram nokre viktige moment. Mellom anna vert det peika på det fylkeskommunale ansvaret for å koordinere og syte for bevaring av private arkiv som har regional betydning. Ei lovfesting av koordineringsansvar og oppbevaringsplikt for viktige regionale privatarkiv er særs viktig for å sikre føreseielege rammer og retning for det vidare arbeidet.  Eit anna sentralt punkt er tanken om heilskapleg samfunnsdokumentasjon. Særleg er dette knytt opp mot føremålsparagrafen i lovforslaget der ein ikkje treng skilje mellom private og offentlege arkiv. Desse må ofte nyttast i samanheng når ein skal finne relevant informasjon.

«Fylkeskommunen har såleis gode føresetnader for å ta ansvar for og koordinere ein samla samfunnsdokumentasjon.»

 

Høyringssvara finn du ved å oppsøke regjeringa sin nettstad eller direkte via lenke nedunder:

Vestland Fylkeskommune, Seksjon Arkiv: vestland-fylkeskommune.pdf (regjeringen.no)

Kommunearkivordninga: Høyring - Forslag til ny arkivlov - regjeringen.no

 

Referansar:

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/hoyring--forslag-til-ny-arkivlov/id2872622/?expand=horingsbrev

https://www.arkivverket.no/forvaltning-og-utvikling/regelverk-og-standarder/lover-og-forskrifter-for-arkiv/arkivloven

NOU 2019: 9 - regjeringen.no