Fylkesarkivet med ansvar for heile region Vestland

Fylkesarkivet får ansvar for at arkiva i Vestland vert tekne vare på, gjort tilgjengeleg og formidla som del av ein samla og heilskapleg samfunnsdokumentasjon i regionen. 

Vi skal halde fram med å forvalte både offentlege arkiv og ikkje-offentlege arkiv og samlingar innan fagområda privatarkiv, foto, stadnamn og musikk. Og vi skal sjå til at arkiva og kjeldematerialet kan brukast til dokumentasjon av rettar, i forsking og formidling, og i samfunnsforvaltninga.

Fylkesarkivet vil framleis vere vertskap for kommunearkivordninga, no under namnet «Kommunearkivordninga i Vestland, kommunalt oppgåvefellesskap». Samarbeidet skal leggje tilhøva til rette for at arkiva til deltakarane vert handtert, tekne vare på og formidla i samsvar med gjeldande lovverk. Kommunearkivordninga yter utviklings- og rådgjevingstenester for medlemskommunane, og har etablert eit fellesdepot for deltakarane sine papirbaserte og elektroniske arkiv.

Nytt namn på formidlingskanalane våre

I samband med overgangen til Vestland fylkeskommune oppdaterer vi institusjonsnamn og kontaktinfo på fylkesarkivet.no. I tillegg vil kanalar vi nyttar i formidlingsarbeidet vårt, som Facebook, Instagram, Flickr, Vimeo og SoundCloud, endre namn til «Fylkesarkivet i Vestland».

I ein overgangsfase kan det likevel hende du støyter på nemningane «Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane» og «Fylkesarkivet i Vestland» om eit anna.

Nytt organisasjonstilhøyr gir nye moglegheiter

Påtroppande seksjonsleiar for arkiv, Arnt Ola Fidjestøl, seier vi går ei spennande tid i møte.

- I samspel med lokale kulturaktørar i regionen, og med heile Vestland i ryggen, får vi ein unik posisjon som gjev oss gode moglegheiter for å påverke og vere synlege nasjonalt. 

 

Fylkesarkivet ønskjer publikum, brukarar og samarbeidspartnarar ei god jul, og ser fram til å møte dykk alle på nyåret som Fylkesarkivet i Vestland!