Stadnamn med meining som ikkje alltid seier seg sjølv

Prosjektet er støtta av Kulturrådet, slik at vi har kunne få artiklar skriven av ein fagkyndig innan stadnamn. Vi fekk Kristian Solvang frå Stryn til å skrive 50 illustrerte artiklar om opphavet til stadnamn. Namna er frå Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Forfattaren valde seg ut stadnamn som ikkje let seg tolke slik utan vidare og der ein måtte har spesialutdanning i stadnamnvitskap for å kome til botnar i tolkinga. Det er også stadnamn som ein må ha lokalhistorisk kunnskap for å tolke, i tillegg til dialektkunnskap.

Forfattaren er norsk-filolog med stadnamnvitskap som spesiale. Han har god kunnskap om dialektane i Sogn og Fjordane. Dette har han fått gjennom arbeid som lektor i fleire kommunar og gjennom vitskapleg handsaming av stadnamn for fem kommunar for Fylkesarkivet, til saman 51 000 stadnamn. I tillegg har han erfaring med formidling av fagstoff både i undervisning, kåseri og gjennom skriftlege prosjekt.

Kva tyder Kabusa? 

Eit døme på eit stadnamn som er vanskeleg å tolke, er Kabusen eller Kabusa (sjå foto øvst i artikkelen). I Haukedalen ligg fjellet Kabusen og i Balestrand ligg fjellet Kabusa. Desse to fjelltoppane har truleg namnet sitt etter ei mellomalderhette som var sydd fast i ei kappe. Denne blei brukt av Kapusinar-munkane og ei liknande hette blei brukt framover til vår tid, i  til dømes Jølster og Gloppen. Stadnamnet kan også kome av kjøkenet på skip, kabysse (bysse), men det er gjerne mindre sannsynleg.

Les artikkelen her: Har fjellnamnet Kabusen namn etter eit gammalt klesplagg?

Naving 

På biletet under kan ein sjå fleire asketre som er hogga av på toppen. Trea står på Robjørgane i Stryn. Det å hogge av toppen på eit lauvtre var "å nave". Treet vart då kalla ein nav eller ein nave. Språkrådet kalla dette årets nyord i 2012, men dette er ikkje noko nytt ord. «Eg navar eit tre», seier dei i Nordfjord når dei kuttar toppen av treet for å bruke greinene og lauvet til husdyrfôr. Sauene er veldig glade i dette.

Les artikkelen her: Myljåbetnaven og Navdalen - dei nava før i tida og. 

Askenavar på Robjørgane.jpg

Askenavar på Robjørgane i Stryn kommune. Foto: Kristian Solvang, 2017.

Grauthaug

Det er mange stadnamn som heiter noko med «graut» eller «grøt». Dette kjem frå det norrøne ordet for stein som var «grjot». Kokekaret gryte har truleg fått namnet sitt fordi dei opphavleg blei laga i stein.

Les artikkelen her: Grot, Grøt, Gryte og Gråt

26.11.2019 Grauthaug 1.JPG

Grauthaug inst på Kløvi, Sogndal kommune. Fotograf: Bjørgulv Mykland, 26.11.2019. 

Vil du lese fleire artiklar om stadnamn presentert med humor?

På denne lenka har vi samla alle artiklane av forfattar Kristian Solvang i Kulturhistorisk leksikon