Motiv på bileta kan vere alt frå skuleveg, skulebygningar, situasjonar og uteområde til gjenstandar som blekkhus, pennalhus, nettbrett og aktivitetar som paradis, fotball og klatrestativ. Eller noko heilt anna. Bruk fantasien og delta i fotokonkurransen på Facebook eller Instagram. Du deltek ved å laste opp biletet eller bileta dine offentleg og merke dei med emneknaggen #skulenmin.

Bileta må ha ein god tekst, og biletteksten tel med i vurderinga av biletet.

Kårar vinnar kvar månad

Konkurransen blir arrangert av prosjektet Skulen min, som er eit samarbeid mellom fylkesarkivet og fylkeskommunen. Prosjektet har dei siste åra har kartlagt skulehistorie i heile fylket. No ønskjer dei å sjå kva folk i fylket forbinder med #skulenmin. Du kan delta med nye bilete frå skulen og skulekvardagen i dag, eller sende inn gamle bilete om du har det. Bileta må du ha teke sjølv.

Ved utgangen av kvar månad vil prosjektet Skulen min gå gjennom alle opplasta bilete og velje ut eitt som vert premiert med eit gåvekort på 300 kr. I august 2018 konkurrerer alle månadsvinnarane om hovudpremien på 3 000 kr.

Første frist for å sende inn bilete er 31. oktober.

Følg prosjektet Skulen min på Instagram eller Facebook for meir informasjon.

Konkurransereglar:

  • Du kan delta berre med bilete du har teke sjølv
  • Ved å delta godtek du at ditt bilete vert publisert med lisensen cc by-sa, noko som betyr at kven som helst kan bruke det fritt seinare, mot at fotografen vert kreditert
  • Kvar deltakar kan delta med maks. tre bilete kvar månad
  • Ved bidrag frå mindre enn tre personar på ein månad, kan månadspremien gå ut
  • Dersom personar på bileta kan kjennast att eller er hovudmotiv, er det du som innsendar/fotograf som har ansvar for å få løyve til å sende inn og offentleggjere bileta
  • Namn på personar på bileta må vere med dersom det er mogleg å identifisere personane. Ved bilete av born under 16 år må foreldre samtykke på vegne av borna
  • Bileta må vere frå Sogn og Fjordane. Det må opplysast om kvar biletet er teke (kommune eller stad)
  • Alle bilete merka med #skulenmin som er lasta opp innan 30/7 2018 deltek i konkurransen. Hugs å publisere med innstillingane open/offentleg. 
  • Vinnarane frå kvar månad konkurrerer om hovudpremien som vert annonsert etter sommaren 2018