Denne helga vart foto frå vårt webarkiv løfta fram på Mashable.com, eit amerikansk nyhendemedium med rundt 45 millionar besøkande i månaden.
 
Det aktuelle innlegget er titulert «People of Sogndal» (http://mashable.com/2016/12/10/people-of-sogndal/) og presenterer ei samling historiske bilete frå Sogn på 1900-tallet.
 
Bileta er tatt av fotografen Nils Olsson Reppen og vart av Mashable funne gjennom vår profil på Flickr.com (https://www.flickr.com/photos/fylkesarkiv/).
 
Innlegget er i skrivande stund delt over 16 000 gongar gjennom sosiale medium. På bakgrunn av dette er det ikkje urimeleg å anta at bileta er sett langt over ein million gongar. Vi på fylkesarkivet er glade for å sjå den store interessa for fotosamlinga og kjem til å halde fram arbeidet med å gjere innhald som dette tilgjengeleg på nett.
 
Saka vart først omtalt på porten.no (http://www.porten.no/artikler/kultur/hundre-ar-gamle-bilete-fra-sogn-tek-av-pa-nettet-usa).