Mangfaldig fotosamling

I Vaksdal kommune har eldsjeler i mange år arbeidd med å ta vare på historiske foto. Resultatet har vorte ei rik og variert fotosamling som Vaksdal historielag har forvalta i lag med kommunen. No er tida kommen for at fotosamlinga skal få ein ny heim hjå fylkeskommunen, der ho vert oppbevart for framtida på eit fotomagasin. 

HORf-100594.275119.jpg

Fotosamlinga består av fleire ulike delsamlingar, og her finn me mellom anna fotoarkivet etter lokalavisa Bruvik, som kom ut mellom 1952 og 1975. Det inneheld ein rik dokumentasjon av hendingar i Vaksdal, som dette biletet frå eit sauesjå på Dale i 1955.

Mykje av materialet er også etter privatpersonar, og ei delsamling som skil seg ut har tilhøyrt Wilhelm Salberg (1866-1940), som i 1909 flytta frå Tyskland til Dale for å verte spinnerimeister på Dale Fabrikker. Salberg var ein ivrig fotograf av både familie og omgjevnader.
 
 
Sauesjå på Dale i 1955, frå avisa Bruvik. Mannen til venstre er Leofred A.Vaksdal.
Foto: Andreas Arne

Viktig lokal innsats

Den største æra for fotosamlinga frå Vaksdal har Rolf Erik Veka, som har vore primus motor i historielaget sitt arbeid med foto. Gjennom mange år har store mengder foto ikkje berre vorte bevarte, men også registrerte med gode opplysingar. Dette er eit tidkrevjande arbeid, som er viktig for at ettertida skal ha nytte og glede av historiske foto. Med engasjementet til Rolf Erik Veka samt Ole Johnny Domben frå Vaksdal kommune, har også storparten av fotosamlinga frå Vaksdal vorte digitalisert med god kvalitet og har allereie i mange år vore tilgjengeleg i fylkearkivet sitt webarkiv for foto

Godt samarbeid

Det er dette samarbeidet som no vert vidareført med at fylkeskommunen også tek hand om originalane frå Vaksdal, men det vil framleis vere viktig å ha gode støttespelarar i Vaksdal kommune og i historielaget. Slik kan det komme inn nye opplysningar til bileta, og ikkje minst vil god kjennskap til fotosamlinga lokalt føre til at bileta også kan bli nytta av nye generasjonar. Fylkesarkivet takkar for godt samarbeid! 

 

leiar i Vaksdal historielag Sigmund Simmenes, Oliver Gravermoen frå Vaksdal kommune og Eirik Yung frå fylkesarkivet studerer gamle fotoskattar. Primus motor for fotoarbeidet i Vaksdal, Rolf Erik Veka var ikkje med på biletet.

Leiar i Vaksdal historielag Sigmund Simmenes, Oliver Gravermoen frå Vaksdal kommune og Eirik Yung frå fylkeskommunen studerer gamle fotoskattar. Primus motor for fotoarbeidet i Vaksdal, Rolf Erik Veka, kom ikkje med på biletet. Foto: Hedvig Ølmheim

 

Sjå og søk etter bilete frå Vaksdal kommune i fylkesarkivet sitt webarkiv for foto:

Sjå bilete frå lokalavisa Bruvik

Sjå familiebileta til Wilhelm Salberg 

For å leite etter andre bilete frå Vaksdal, gå til Webarkiv for foto og søk på Vaksdal kommune under "avansert søk".