Elsa Horne har sidan 90-talet teke vare på, samla informasjon om og formidla fotomaterialet etter far sin, fotograf Malvin Horne. Elsa har sjølv administrert frivillige i fleire kommunar som har vore med å ordna og pakka om arkivmateriale, og dessutan henta inn og registrert opplysningar til bileta. Frivillige spelar ei svært viktig rolle for det lokale kulturvernarbeidet. 

Flora kommune har vore ein viktig støttespelar og har bidrege med ein del finansiering, samt praktisk bistand undervegs. Prosjektet har også fått støtte frå Kulturrådet og frå andre kommunar og private støttespelarar. Arbeidet har vorte gjennomført i tett samarbeid med og innanfor Fylkesarkivet sitt fagleg råmeverk. 

Vi har laga ein liten informasjonsfilm om dette prosjektet. Her kan du høyre meir om fotograf Horne, om arbeidet hans og om den jobben Elsa Horne har gjort for å sikre at dette viktige fotomateriale vert bevart for ettertida og gjort tilgjengeleg for alle.