I år er det prosjektet «Fotoarkivet etter fotograf Elen Loftesnes» som har hovudfokus i fotobevaringsarbeidet vårt. Prosjektet har som målsetjing å digitalisere det bevarte fotomaterialet etter Elen Loftesnes, samle inn og registrere opplysningar til bileta og gjere materialet tilgjengeleg for publikum på internett. Vidare skal vi, ikkje minst, samle inn opplysningar og dokumentasjon som kan fortelje oss noko meir om Elen Loftesnes og hennar virke som fotograf.

Det er diverre berre eit fragment av Elen Loftesnes sitt negativarkiv som er bevart hjå fylkesarkivet, og vi vil gjerne også finne ut kva som har skjedd med resten av arkivet hennar. Kanskje finst det framleis?

Til dette arbeidet treng vi di hjelp! Hugsar du Elen Loftesnes og kan hjelpe oss med opplysningar om henne? Eller har du kanskje kunnskap om dei plassane og personane som Elen har fotografert, og kan hjelpe oss med biletopplysningar? Eller har du fotomateriale, brev eller anna skriftleg materiale etter Elen Loftesnes heime?

Ta kontakt med fotoarkivar og fagkoordinator Elin Storøstevik på telefon 57 63 80 53, eller e-post elin.storostevik@sfj.no.

Prosjektet har motteke støtte frå Norsk Kulturråd og Riksarkivet. Sjå fotoarkivar Elin Storøstevik fortelje meir om prosjektet i denne filmen laga av Norsk Kulturråd.