IMG-0822.jpg

Det var mange som viste stor glede og interesse då fotoarkivet etter far og son Bergum vart flytta til fylkeskommunen sine magasin no i vår. 

Her vil det framover vere mogeleg å finne mykje gull, frå over 50 år med fotografering i indre Sogn. For at det etter kvart skal verte lett å finne fram til bileta har arkivarane ein stor jobb med å ordne og organisere arkivet, men allereie no er det mogeleg å ta kontakt med spørsmål om kva som kan finnast der.

Her kan du lese meir om hentinga av arkivet og kva det inneheld.

Arkivet etter Leiv og Bjørn Bergum er enno ikkje digitalisert, men ein del av dei eldste fotografia frå produksjonen til Leiv har vorte publisert av oss i fylkeskommunen tidlegare. Dette er nydelege folkelivsbilete frå Sogndal på 1950- og 60-talet, som er vel verdt eit besøk. Du kan sjå desse bileta i vårt webarkiv for foto, og legg gjerne att ein kommentar med informasjon dersom du veit noko om desse bileta!

Sjå bileta til Leiv her.