Vi har sparsamt med opplysningar om Tollef Sandal. Det vi veit er at han var frå grenda Sandal på sørsida av Jølstravatnet. Som så mange andre bygdefotografar kombinerte Tollef Sandal fotografyrket med anna arbeid. I tillegg til å jobbe som fotograf var Sandal skomakar og vegarbeidar.

I materialet vi no har motteke finn vi bilete både frå arbeidsliv, fritid og høgtid. Det er og mange landskapsbilete og portrett i samlinga. Dei vel 500 negativa er frå perioden ca. 1910-1960.

Sandal Grendalag arva negativa etter Tollef Sandal frå dotter hans Eva Flaten. Grendalaget såg raskt at samlinga var av stor lokalhistorisk verdi. I haust tok dei kontakt med Sunnfjord Museum og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane for å få råd om korleis samlinga best kunne bli sikra for ettertida. Grendalaget var og opptekne av at fleire enn berre innbyggjarane i Sandal burde få tilgang til denne fotoskatten.

Etter at Sunnfjord Museum og Fylkesarkivet hadde vore på synfaring på Sandal vart konklusjonen at materialet burde flyttast til Fylkesarkivet sine spesialbygde fotomagasin. Fotoarkivar Elin Østevik var i går i Jølster og henta inn samlinga. Vi går no i gang med å reingjere og pakke om negativa til arkivemballasje. Seinare vil det også vere aktuelt å digitalisere og samle inn opplysningar til bileta i samarbeid med grendalaget.

Dersom du har fleire opplysningar om Tollef Sandal set vi stor pris på om du tek kontakt med oss.

Les meir om arbeidet med Sandal-samlinga på grendalaget sin blogg.