For å halde stadnamna i levande bruk er formidling viktig. Flest mogeleg må få tilgang til dei innsamla stadnamna. Per 2019 er 227 400 stadnamn publisert på nettsida og dei fleste der har kartfesting.

Stadnamn som er merka med "raude prikkar" er stadnamn som ikkje er handsama av filolog.

Nettartiklar om opphavet til stadnamn

I 2019/20 driv Fylkesarkivet eit prosjekt som blir støtta av Kulturrådet. Kristian Solvang skriv 50 illustrerte artiklar om stadnamn som er vanskelege å tyde. Desse blir lagt ut på Kulturhistorisk leksikon

Vil du lese meir om stadnamna våre? 

Rapporten «Frå Gygrekjeften til Gygrarøvi. Ei nettreise i natur og kultur» frå 2008 fortel om det arbeidet som er gjort med å samle inn stadnamn i fylket.