For ei tid tilbake fekk Fylkesarkivet i Vestland melding av ein privatperson som hadde funne eldre kommunalt arkivmateriale frå den nedlagde Hafslo kommune. Vi tok i mot arkiva etter Hafslo kommune i 2009, og i det materiale var eldste møteprotokollen etter Hafslo formannskap frå 1869. Protokollen frå dei første 30 åra etter Hafslo formannskap har vi aldri hatt i hende, og vi har rekna den som tapt. Heldigvis har vi no fått den inn i vårt arkiv, og fått den digitalisert slik at den er tilgjengeleg for allmenta.

Hafslo kommune

Hafslo kommune (Foto: Fylkesarkivet i Vestland)

Hafslo kommune var ein eigen kommune frå 1837 og femna om bygdene Kroken, Ornes og Kinsedal på sørsida av Lustrafjorden, og på nordsida bygdene Solvorn, Veitastrond og Indre Hafslo. I 1964 vart Hafslo kommune samanslege med kommunane Jostedal og Luster til den nye Luster kommune. Dette var etter at Schei-komiteen, også kalla kommuneinndelingskomiteen, hadde tilrådd endringar i kommunestrukturen i Noreg.

Formannskapslovene

Formannskapslovene frå 1837 fastsette at det i kvart prestegjeld skulle opprettast ein kommune, som skulle styrast av eit vald formannskap og representantskap. Dei demokratiske prinsippa frå grunnlova vår vart dermed gjeldande også på det lokale nivået. I formannskapslovene av 1837 stod det nedfelt at møtebøkene skulle innehalda referat frå møta med signaturen til dei frammøtte.

I dei første linjene i protokollen etter Hafslo formannskap står dette:

«Aar 1838 den 20de Januar sammentraadte paa Thingstedet Vallager

i Solvorn det for Hafsloe Præstegjeld i medhold af Loven af 14de Januar 1837

valgte Formandskap bestaaende af efternævnte Gaardsbrugere, nemlig: Ole

Trondsen Lie som Ordfører, Niels Pedersen Jordanger som Wiceordfører,

begge for 2de Aar. Efter foretaget Valg mellem samtlige Formænd

d: 12 Sept. sidstl: Hans Bugge, Ludvig Christensen Elvethun, Ole Ellend-

sen Houge, Tosten Hermundsen Sønnesund, Ole Erichsen Solvie,

Landhandler og Gjæstgiver Erich Hendriksen Nitter og Landhandler

og Gjæstgiver Christopher Pedersen Marifjæren.»

 

K-1425015010000010029.jpg

Formannskapsprotokollane dokumenterer den kommunale drifta gjennom dei vedtaka som formannskapa og kommunestyra gjorde. Innhaldet i dei ulike sakene kan variera frå dei lengre saksframstillingane til dei kortare framstillingane før vedtaket. Ein valde inn medlem til kommunen sine eigne kommisjonar, råd og utval, i tillegg til at ein valde medlem til statlege utval eller andre organ der kommunen skulle vera representert. Knytt til protokollane hadde formannskapa andre arkivseriar som brevjournalar, kopibøker, saksarkiv med meir.

Protokollen er digitalisert, og tilgjengeleg i vårt webarkiv i lag med dei andre formannskapsprotokollane frå Hafslo. Trykk her for å gå direkte til den digitaliserte protokollen.

 

Her finn du digitalisert materiale etter kommunane Luster, Jostedal og Hafslo