Fylkesarkivet har som oppgåve og overordna mål å leggje til rette for at alt arkiv- og kjeldemateriale vi forvaltar skal kunne brukast aktivt av publikum i ulike samanhengar, til dømes som grunnlag for historisk forsking og formidling, til dokumentasjon av rettar eller til bruk i samfunnsforvaltning.

Fylkesarkivet forvaltar i hovudsak to typar arkiv:

  • arkiv skapt av private aktørar (privatpersonar, organisasjonar og bedrifter)
  • arkiv skapt av offentlege aktørar (kommunar og fylkeskommunen)

Lovverket regulerer forvaltning av arkiva. For arkiv skapt av private aktørar blir forvaltninga i tillegg regulert av privatrettslege avtalar.

Meir informasjon om innsyn, bruk og tilgjenge finn du på sidene til dei ulike fagområda på fylkesarkivet.no og på Arkivportalen.