Til visninga på samfunnshuset har Flora historielag plukka ut eit utval filmsnuttar, frå dei totalt 41 16mm-filmane Kåre Botnmark laga. Filmane gir eit interessant tilbakeblikk på 1960-talets Florø. Arrangementet er i samarbeid med Flora historielag og Florø filmklubb. Filmdigitalisering AS som har digitalisert filmane på oppdrag frå fylkesarkivet vil også vere til stades på arrangementet.

Kåre Botnmark (1923-2010) frå Evenes starta fotoverksemda Vest-Foto i Florø i 1948. Han dreiv firmaet fram til 1969 då firmaet vart overteke av Roald Fjellestad. Du finn informasjon om alle dei 41 16mm-filmane på Arkivportalen. Fylkesarkivet oppbevarer også fotoarkivet etter Vest-Foto på kring 25 000 bilete.

Meld deg på arrangementet her.