1.mai_feiselsong_liggande.png

Denne veka ladar vi opp til 1. mai - arbeidarane sin dag - med fleire smakebitar frå det historiske arbeislivet. I videofila under kan du høyre songen og sjå nokre bilete frå veg- og tunnelarbeid frå fotoarkivet.

Takt og tekst

Feiselsongen blei brukt når ein skulle drive bor inn i fjellet. På eit opptak i musikkarkivet kan vi høyre Kristoffer Teige forklare at det var han som heldt boret som hadde ansvaret for å syngje slik at han som slo kunne halde takten. Slik blei slaga på borhovudet både betre og sikrare.

Teksten i akkurat denne feiselsongen går slik:

Eg skal halda, du kan slå.
Driv han, klem han, sundagen skal du få kvila han
Eg skal halda, du kan slå.
Slå hardare, slå snarare, så får vi tummen snarare.

Vi her på fylkesarkivet var usikre på kva ordet "tummen" i siste strofe kunne bety, og har fått hjelp frå Bjørn Frengstad, professor i geologi, og Arne Myrvang, pensjonert professor i bergmekanikk ved NTNU til å finne ut av dette. Tummen er lengdeeininga tomme, og inndrifta for boret gikk langsomt tomme for tomme. Dette var sannsynlegvis igjen knytta til akkordløn der betalingen var knytta til kor mange tommer med borhull ein kunne produserer. Og grunnen til at det vert kalla tummen og ikke tommen er mest sannsynlig at rallar-språket var sterkt påverka av svensk. 

Kristoffer Teige

Kristoffer Teige var ein kulturpersonlegdom og spelemann, men også bonde og vegarbeidar. I Fylkesarkivet sitt musikkarkiv er Teige dokumentert med heile 225 enkeltspor. Desse viser at han hadde eit stort repertoar av mellom anna bygdedans- og gammaldansslåttar, slåttestev, kjømeisterviser, skjemteviser, med meir.

Mykje av dette repertoaret hadde truleg gått tapt dersom ikkje folkemusikksamlaren Arne Bjørndal og NRK ved Rolf Myklebust gjorde innspelingar av Teige i perioden 1957-1964. Det var Teige sjølv som tok kontakt med desse to, då han forstod at han var ein av få, om ikkje den einaste, som framleis kjende og brukte desse slåttane og songane.

Den 01.07.1967 vart Teige tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv. Sjølve medaljen skulle han få overrekt i samband med markering av 80-årsdagen 21.10.1967. Men den store æra av å ta i mot medaljen fekk Teige dessverre ikkje oppleve, då han døydde berre dagar før han skulle fylle år.

Les meir om Kristoffer Teige i Kulturhistorisk Leksikon.

1. mai - arbeidarane sin dag

Laurdag er det 1. mai - arbeidarrørsla sin internasjonale kampdag, og det markerer vi denne veka. Dette er både ein internasjonal festdag, ein kampdag og eit symbol på styrken og samhaldet i arbeidarrørsla. Den første markeringa av denne dagen i Norge var i 1890, og i 1935 vart 1. mai offisiell flaggdag. 

Vil du sjå fleire smakebitar frå historiske yrke og arbeidsplassar dokumentert i webarkivet for foto? følg oss på Instagram.

Er du interessert i meir kjelder knytt til arbeidarrørsla i tidlegare Sogn og Fjordane kan du lese meir om Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane, eit arkiv som vart skipa i i 1989 for å sikre at historisk dokumentasjonsmateriale frå arbeidarrørsla i fylket vert teke vare på og gjort tilgjengeleg for bruk. Det er eit samarbeidstiltak mellom LO Sogn og Fjordane, AOF Sogn og Fjordane, DNA Sogn og Fjordane og Fylkesarkivet. 

Bilete og lydopptak brukt i videofila: