I løpet av to intensive arbeidsdagar vart dei 1000 første glasplatenegativa reinsa og digitalisert av fotoarkivarane Ragnar Albertsen og Elin Østevik.
Fotograf Olai Fauske (1887-1944) frå Ervik i Naustdal var einerådande som fotograf i Førde-regionen først på 1900-talet. Fauske fotograferte ikkje berre i atelieret sitt i Førde, men reiste også mykje rundt og fotograferte både i Førde og elles i Sunnfjord. Dei vel 8000 negativa ette Fauske skal no digitalierast som del av prosjektet "Samlinga etter fotograf Olai Fauske".
Prosjektet, som også har som målsetjing å gjere bedriftsarkivet og gjenstandssamlinga etter Fauske tilgjengeleg på nett, er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet og Sunnfjord Museum. Arbeidet med å digitalisere negativa har vi gitt i oppdrag til FylkesFotoarkivet i Møre og Romsdal.