Bileta som er publisert på Flickr gir ein smakebit på kva som finst i det rikhaldige negativarkivet etter Fauske. Fleire bilete finn du i Fylkesarkivet sin fotobase.

Olai Fauske (1887-1944) frå Naustdal var nær einerådande som fotograf i Sunnfjord i tiåra først på 1900-talet. I løpet av karrieren produsert Fauske både atelierportrett og postkort, samt andre typar oppdragsfoto som fotografering i samband med bryllaup og gravferder. Frå 1912 hadde Fauske atelier i Førde, men han hadde også kundar frå andre delar av Sunnfjord – som for eksempel Naustdal og Jølster.

Når Fauske døydde i 1944 etterlet han seg eit negativarkiv på kring 9000 einingar. Dette fotomaterialet er i dag, saman med bedriftsarkivet, bevart hos Fylkesarkivet. Sunnfjord Museum tek hand om gjenstandssamlinga etter Olai Fauske.

Per i dag er kring 7400 av totalt 9000 negativ digitalisert og tilgjengeleg på internett. Målsetjinga er å digitalisere og tilgjengeleggjere heile negativarkivet etter Fauske innan utgangen av året. Arbeidet med negativarkivet skjer innanfor råma av prosjektet «Samlinga etter fotograf Olai Fauske».  Som del av prosjektet vil også gjenstandssamlinga etter Fauske bli registrert og gjort tilgjengeleg på internett. Bedriftsarkivet er alt ordna og søkbart på Arkivportalen.

Prosjektet «Samlinga etter fotograf Olai Fauske» er eit samarbeid mellom Fylkesarkivet og Sunnfjord Museum. Prosjektet har motteke støtte frå Norsk Kulturråd og Førde kommune.

Fauske på Flickr

Fauske i Fylkesarkivet sitt webarkiv