Samlinga etter fotograf Olai Fauske
Fylkesarkivet har i samarbeid med Sunnfjord Museum sett i gang eit prosjekt der eitt av måla er å digitalisere og gjere tilgjengeleg heile negativarkivet etter Fauske. Så langt er over 7 000 av i alt ca. 9 000 negativ gjort tilgjengeleg i fylkesarkivet sitt webarkiv for foto.
- For å nå ut til eit breitt publikum og skape engasjement kring historiske fotografi har vi valt å publisere utvalde foto frå denne og andre samlingar på Flickr. Her når vi ei litt anna og meir internasjonal publikumsgruppe enn dei som nyttar webarkiva våre, fortel fotoarkivar og konservator Elin Østevik.
Albumet Olai Fauske (1887-1944): Small town life in Sunnfjord har hatt nærmare 1700 visningar sidan det vart lagt ut på Flickr i slutten av april.
Historiske foto som viralt fenomen
Førre veke vart innhald frå samlingane til fylkesarkivet løfta fram på Mashable for tredje gong. I 2016 fekk både ”Lantern slides – the fjords of Norway” og fotosamlinga etter Nils O. Reppen eigne oppslag på nettstaden. Sistnemde genererte over 30 000 delingar i sosiale media. No er turen komen til Fauske.
- Det veldig kjekt å sjå at ein global medieaktør som Mashable fattar interesse for samlingane våre! Nettstaden har 45 millionar besøkande i månaden, og blir fulgt av 28 millionar på sosiale media. Det seier seg sjølv at det her er tale om eit enormt nedslagsfelt, seier Østevik.
Mashable sin artikkel Magnificent portraits record early 20th century Norwegian villagers in stunning detail har så langt blitt delt over 3 000 gongar på sosiale media.
- Bileta som er publisert på Flickr-profilen vår er opphavsrettsleg i det fri og lagt ut i høg oppløysing. Dermed er det fritt fram for både aktørar som Mashable og for folk flest å gjenbruke bileta. Det er veldig kjekt å sjå at vi på denne måten får gjort det unike biletmaterialet vi forvaltar kjent for eit stort publikum, avsluttar Østevik.