Erlend Apneseth frå Jølster er ein prisvinnande musikar som med utgangspunkt i hardingfela søkjer og utforskar musikalske landskap både innan improvisasjon og slåttespel. I 2013 gav han ut den kritikarroste plata «Blikkspor» der han presenterer både eigen og tradisjonell musikk.

- Arkivet er som ei alltid inspirerande skattekiste, seier Apneseth.

Impulsar frå fortida

Apneseth har lært tradisjonelt hardingfelespel hjå ei rekkje framståande tradisjonsberarar, både frå heimfylket og frå landet elles. Men arkivkjeldene har alltid gjeve viktige impulsar og nye idear som han har teke med seg inn i sitt eige uttrykk.

- Dei eg har lært hos har forma slåtten på sin måte. Det er ein naturleg prosess for alle som tileignar seg ein slått og gjer han til sin; Ein tek vekk eller legg til, og slik endrar dei seg gjennom tida. Då er det veldig interessant å ha fleire kjelder til ein slått, slik at ein kan få så mange impulsar til denne som mogleg. Og då er det arkivet som gjeld. Plutseleg finn ein nye tak, andre måtar å gjere strøk og trillar på, og det kan vere veldig inspirerande. Det kan også vere eit særeige uttrykk, ei formidling av slåtten, som ein kan ta med seg i si eiga tolking.

Å gjere mykje ut av lite

Musikkarkivet har dokumentert slåttar og spel med ei rekkje spelemenn frå fylket. Ei arkivkjelde som ofte blir trekt fram av dagens utøvarar, er årdalsspelemannen Sigurd Eldegard (1893-1962). Apneseth er såleis i godt selskap når han peikar på Eldegard som ei inspirasjonskjelde.

- Opptaka med Sigurd Eldegard har eg lytta veldig mykje på. Slåttane er så nedslipte og enkle i forma, men med så utruleg mykje innhald. Dette er noko eg er oppteken av både når eg spelar slåttar og når eg driv med andre ting, som improvisasjon; Å gjere mykje ut av lite.

I samspel med kjelda

Neste år slepper Apneseth si andre plate, og her presenterer han både eigen og tradisjonell musikk. På plata vil det også vere ein låt der historia møter samtida – ein låt der Apneseth sin musikk smeltar saman med lyden av fortida.

- Lyarslåtten St. Thomasklokkene, som Sigurd Eldegard har spelt inn, brukar eg som utgangspunkt for ein låt på plata. Der er sjølve opptaket av Sigurd også med i låten.

Medan vi ventar på den nye plata, kan vi høyre Apneseth utforske dette landskapet: