Fylkesarkivet sitt prosjekt om Loftesnes går mot slutten, og det var mykje nytt å fortelje om fotografen sitt liv og virke. For at så mange som mogeleg skulle få vere med, vart det laga til to like arrangement på biblioteket som raskt vart fullteikna. Til saman femti publikummarar deltok. Det vart også ymta om at det nok ville vore mogeleg å laga til eit tredje arrangement i Sogndal, og mogelegheitene kring dette kjem me attende til over nyåret.

Elen Loftesnes var fotograf i Sogndalsfjøra mellom 1930 og fram mot 1960. Ho vart i desse åra godt kjend for sogndølane og vert framleis hugsa av mange. Bileta hennar av folk og landskap har no fått eit nytt publikum, og det var mange engasjerte tilskodarar på biblioteket i Sogndal. Diskusjonen gjekk etter kvart livleg om kven og kva me såg. Om dette engasjementet held fram når bileta etter kvart blir publisert i webarkivet til fylkesarkivet, ser det ut til at det vil komme inn mykje spennande informasjon frå publikum. I webarkivet har publikum mogelegheit til å legge att kommentarar til bileta, og slik dele eigen kunnskap med fylkesarkivet og andre.

Følg med på nyhende frå fylkesarkivet om når alle Loftesnes sine bilete er tilgjengelege i webarkivet!

Loftesnes tok ikkje berre bilete frå Sogndal, og her er nokre bilete som tilhøyrarane på biblioteket meinte kunne vere frå Veitastrond. Kanskje lustringar har andre meiningar?

EL.0723.0001.jpg

EL.0774.0001.jpg