Fram til no er det arkiv eldre enn 1964 kommunane har avlevert til depot. I 1964 var det ei storstila kommunesamanslåing i heile landet (Schei-komiteen), noko som er bakgrunnen for denne avgrensinga. Då kommunane fekk endra kommunegrenser og dermed organisering, måtte dei også avlutta arkiva sine. Den nye kommunen oppretta nye arkiv.
 
Sogn og Fjordane fylkeskommune har avlevert noko arkivmateriale yngre enn 1964. Frå 2013 vil enkelte kommunar avlevera arkiv som er skapte i perioden 1964 - ca 1994. Dei fyrste arkiva som vil bli avleverte frå denne perioden er arkiv etter formannskap og sentralarkiv.
 
Fylkesarkivet hjelper alle kommunane med råd og rettleiing i spørsmål som knyter seg til eldre og avslutta arkiv.
 
Til no har alle dei 24 kommunane som leiger depottenester hjå oss avlevert dei eldre arkiva sine. Vi skil mellom eldre arkiv (arkiv skapt før 1964) og yngre arkiv (arkiv skapt etter 1964). Nokre kommunar har deponert yngre arkiv hjå oss.
 
Arkiv som vert deponert vert ordna og deretter publiserte på Arkivportalen.