Det var Nasjonalhjelpen som stod bak Haakon-7 lotteriet 1946/47. Organisasjonen kom i stand som ein innsamlingsaksjon for humanitert arbeid i 1940. Frå 1945 vart innsatsen spesielt retta mot krigsoffer.

H-7 lotteriet var ein braksuksessDiplom til lærdal og Borgund for godt sal av loddar til H-7 lotteriet

Lotteriet drog inn 100 millionar på loddsal i året 1946/47. Det må kunne seiast å vere eit resultat å ta av seg hatten for. Omgjort  til dagens kroneverdi vil dette utgjere om lag 200 millionar!  Til samanlikning vart resultatet for TV-aksjon 2017 om lag 220 millionar.

På 2-årsdagen for frigjeringa fekk Lærdal og Borgund diplom for innsatsen dei hadde gjort. Heile 24 302 kroner hadde dei hanka inn gjennom loddsalet. Omgjort til dagens kroneverdi vil det seie loddsal for mest 500 000 kroner ! I årets TV-aksjon vart det samla inn om lag 112 000 kroner i Lærdal.

Kreativt loddsal i alle krokar av landet

Haakon7-lotteriet vart starta i 1946, med trekning i 1947. Trekninga av hovudgevinstane gjekk føre seg i april. Lotteriet var landsomfattande og godt organisert med eigne fylkes- og kommunale nemnder. Kvar kommune var vidare inndelt i krinsar og rodar slik at heile kommune var dekt. I alle krokar av landet vart det selt lodd til inntekt for krigsramma. Fylkesmannen hadde  særskilt ansvar for sitt fylke, og det var hard konkurranse fylka i mellom om beste resultat. I Oslo sentrum var det sett opp svære søyler som viste totalresultatet og fylkesresultata.

Kreativiteten for å selt lodd var stor. Aksjonsutvalet for Nasjonalkomiteen i Kyrkjebø ynskjer sterkt å nå det oppsette målet og sender 7. februar 1947 ei inntrengande bøn til Folkets hus kino der dei ber om at billettinntekta for neste kinokveld går til kjøp av lodd. "(…) Som kjent så er siste dagen for sal av H7-lodder fastsatt til 22. februar, og vi ville gjerne da ha nådd 100% for Kyrkjebø."

Nasjonalhjelpens barometer over innsamla beløp stod på Eidsvoll plass i Oslo sentrum

Nasjonalhjelpens barometer over innsamla beløp stod på Eidsvoll plass i Oslo sentrum i 1947. Fotograf Ørnelund Leif. Creative Commons 3.0 lisens    

Fylkesmann Schei var uroa for å kome på jumboplass

Skulle ein ha håp om å nå opp i fylkeskonkurransen, måtte ein vere på hogget med loddblokkene og arbeidet måtte vere godt organisert. Alle kommunane fekk sin kvote lodd, men i Lærdal var tydelegvis etterspurnaden større enn loddkvoten, og dei måtte få fleire. Slik var det nok ikkje alle stader i fylket.

I arkivet etter Nasjonalhjelpen for Kyrkjebø finn vi eit telegram frå fylkesmann Schei, datert 22.10.1946. Han er uroa over dei siste meldingane som viser at fylket er nær jumboplass. Ordren var klar:

« (…) Sett full fart på

syt for sending pengeoppgjør kvar dag

bed og posthuset melde telegrafisk til Oslo»

I Kyrkjebø hadde dei tydelegvis teke oppmodinga til fylkesmannen på alvor.

Sal av draumar til eit godt føremål

Lodda var dyre, heile 10 kroner per lodd, men premiane var etterlengta luksus etter lange og tronge krigsår. Berre for å nemne nokre: bilar, flyreiser til fjerne strok, hytter, hus, jordomsegling, kjøleskåp, utdanning …

Kontrastane var store til kvardagens varemangel og rasjonering så det var kanskje ikkje så rart at mange grov djupt i setelboka i håp om at lukka skulle stå dei bi. Føremålet var også godt. Dei innsamla midlane gjekk heller ikkje bort i administrasjon. Gevinstane var gitt som gåver og arbeidsinnsatsen var basert på det frivillige med einskildpersonar, lag og organisasjonar.

Lotteri med eige propagandaapparat

For å informere om aksjonen og få fart på loddsalet var det i sving eit stort propagandaapparat. Eitt av tiltaka var femkortfilmar som vart vist som kinoreklame, før sjølve hovudfilmen.

Bli med på kino og kos deg med tre forfilmar. Den fyrste, "En lysere fremtid", er produsert av Nasjonalhjelpen:

https://dokumenteneforteller.no/2013/12/21/21-des-en-lysere-fremtid-nb-filmen-bruker-noen/

Dei to siste er henta frå NRK; Filmavisen 1947, produsert av Norsk Film A/S:

"H-7 lotteriet har nådd hundre millioner" 

"Trekning av hovudgevinstene"

 

Kjelder:

https://snl.no/Nasjonalhjelpen

Arkivverket https://dokumenteneforteller.no/2013/12/21/21-des-en-lysere-fremtid-nb-filmen-bruker-noen/

Kommunalt arkiv. Lærdal kommune, formannskapsarkivet, k/s, 1940-1948

Privatarkiv. Nasjonalhjelpa Kyrkjebø, 1946-1947