Ein felles digital inngang

Fylkesarkivet ved Avdeling for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune og Universitetsmuseet ved UiB ønskjer å samarbeide om digital kunnskapsformidling med nynorsk som målform. Dei to eksisterande tenestene Grind.no og Kulturhistorisk leksikon har mykje til felles, og presenterer natur- og kulturhistoria frå dei to tidlegare fylka på ein god måte. For å dekke heile fylket på ein best mogeleg måte ønskjer vi å samle våre ressursar om ein felles digital inngang til natur- og kulturhistoria i Vestland.

Det første vi skal gjere er å gjennomføre eit forprosjekt som skal legge føringar for korleis og på kva premiss vi skal samarbeide. Ei arbeidsgruppe med likeverdig representasjon frå UiB og Vestland fylkeskommune skal jobbe med dette fram mot sommaren 2021. 

To eksisterande digitale tenester

Digital formidling av natur- og kulturminne har vore ei viktig satsing både for fylkeskommunen og universitetet. Dei konkrete tenestene som vi vurderer om vi kan slå saman, er Grind.no og Kulturhistorisk leksikon. 

Grind.no

skjermbilete grind.no

Grind.no er ein nettportal for formidling av kunnskap om landskap og livsmiljø i Hordaland, henta frå forskingsmiljøa ved UIB og andre forskingsmiljø i regionen. Det har nyleg vorte gjort ein jobb for å tilpasse både innhald og teknisk løysing til å skulle dekke Vestland fylke. Grind.no har eit kulturog naturgeografisk perspektiv, der fagstoffet i stor grad er kartfesta slik at brukaren kan orientera seg via mobile karttenester, henta ned og dela tekst og bilete via sosiale media. Grunnlaget for Grind.no er to kunnskapsbøker om Hordaland: Kulturhistorisk vegbok (1993) og Naturhistorisk vegbok (2004). Bøkene inneheld pedagogiske tema-artiklar, kombinert med naturhistoriske og kulturgeografiske presentasjonar av landskap og lokalitetar i kommunane.

Kulturhistorisk leksikon 

skjermbilete kulturhistorisk leksikon

Kulturhistorisk leksikon er ein nettportal for formidling av kulturhistorie, kulturminne og aktuelle hendingar frå Sogn og Fjordane i form av populærvitskaplege artiklar. Artiklane er skrivne av folk ved arkivet, ved musea, i kommunane med meir. Kulturhistorisk leksikon skal fungere som døropnar og vegvisar vidare inn til samlingar og kjelder for dei som vil fordjupa seg meir. Mykje av innhaldet er presentert i kart, og det har vorte starta eit arbeid med implementering av semantisk teknologi, som skal gjere det mogeleg å knyte innhald frå denne sida til anna digitalt materiale gjennom ein felles ontologi. Arbeidet med Kulturhistorisk leksikon byrja i 1998 og var eit samarbeid mellom Fylkesarkivet og alle dei 26 kommunane i fylket. Kommunane arbeidde ut lister over kulturminne som dei gjerne ville ha skrive artiklar om. Kommunane samla også grunnlagsstoff som vart levert til Fylkesarkivet. Kommunane har vore sterkt involvert i utval og dei har delteke i finansiering av innhaldet. Kulturhistorisk leksikon vart lansert for publikum 29. september 1999 under namnet Kulturhistorisk Atlas-Leksikon for Sogn og Fjordane, og vart etter nokre få år ein del av den vanlege drifta av fylkesarkivet. 

Felles ansvar

Vestland fylkeskommune og Universitetet i Bergen har ei målsetjing om, og eit ansvar for, å forvalte og formidle vår felles natur- og kulturarv, den historiske plattforma samfunnet vårt er bygd på. Fylkeskommunen skal sikre at historia vår vert teke vare på, gjort tilgjengeleg og formidla som del av ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon. Universitetet i Bergen, saman med andre forskings- og utdanningsmiljø i Vestland, har til oppgåve å utvinna ny kunnskap og formidla denne til samfunnet.

Vi ønskjer at flest mogeleg kjenner natur- og kulturhistoria vår og forstår korleis vi er forma av historia vår, både lokalt og heilskapleg for Vestland. 

Politisk handsaming

Hovudutval for kultur, idrett og integrering var einstemmig når dei fatta dette vedtaket 15.10.2020

Vestland fylkeskommune v/avdeling for kultur, idrett og inkludering, seksjon arkiv inngår eit langsiktig samarbeid med Universitetet i Bergen v/Universitetsmuseet om digital formidling av natur- og kulturhistorie i Vestland fylke.