Fotografi, minne og sorg

Kvifor vart slike fotografi laga? Praksisen vert ofte forklart med høg dødsfrekvens, spesielt blant småbarn, og mangelen på fotografi blant folk flest i den gjeldande perioden. I mangel på eit fotografi av den døde i live, valde mange å få tatt eit portrett i samband med gravferda.  Fotografiet vart eit viktig minne om den døde og var til hjelp i sorgprosessen.

EOS_Den siste kvila_1.jpg

1. "Min søn Bernt som Lig". Fotograf Schilling. 

Den amerikanske antropologen Jay Ruby (1999) har synleggjort at post mortem-fotografering av dødfødde eller for tidleg fødde spedbarn er ein etablert, om enn lite omtala, praksis ved fleire amerikanske sjukehus også i dag. Motivasjonen for å ta slike bilete er framleis ønsket om å ha eit minnebilete av den døde, og forståinga av kor viktige slike bilete kan vere i foreldras sorgprosess.

I motsetning til tidlegare tider er desse bileta i dag å forstå som svært private. Dei vert ikkje sirkulert og synt fram i det offentlege rommet eller i det større sosiale fellesskapet slik som tidlegare. Våre haldningar til døden har endra seg på fundamentalt vis i høve tidlegare tider.

Utbreiinga av post mortem-fotografering fram mot mellomkrigstida må forståast på bakgrunn av ei annleis kulturell grunnhaldning til døden i perioden frå 1840 og fram mot mellomkrigstida.

EOS_Den siste kvila_3.jpg

3. Familien Hove avbilda på gravferdsdagen til Agnes (19414-1915). Fotograf: Ukjend

Døden som den siste kvila

Post mortem-fotografi kan seiast å utgjera ein eigen fotografisk sjanger. Sjangeren oppstod likevel ikkje med fotografiet, men har røter tilbake til før-fotografiske biletkonvensjonar. Sjangeren er knytt til ei romantisk estetisering av døden som den siste kvila.

EOS_Den siste kvila_4.jpg

4. Johannes Solbakken (1918-1927) vart berre 9 år. Kista er plassert på gardstunet. Fotograf: Ukjend

I perioden fram mot mellomkrigstida var døden ein naturleg del av både det offentlege rom og heimen som sosialt rom. Dei døde vart stelt heime og dødsritualet omfatta kistelegging, likstrå, likvake (forbode i 1860), utsynging og gravferd (Reiakvam 1997). Fotografering av den døde var ein meir eller mindre integrert del av dødsrituala som fann stad i heimen.

Etnologen Oddlaug Reiakvam, som har skrive om post mortem-fotografi med utgangspunkt i produksjonen til fotograf Olai Fauske frå Førde, hevdar at bygdefotografen si rolle var ”å vere seremonimeister for transformasjonen, frå lik til ein estetisert representasjon av den døde” (Reiakvam 1997: 286). I post mortem-portretta vart døden framstilt som eit endeleg farvel, med søvnen som den sentrale metaforen: Døden er den siste kvila. 

EOS_Den siste kvila_5.jpg5.Uidentifisert mann fotografert i lyset frå eit delvis tildekt vindauge, ca. 1930-1935. Fotografiet er frå Vetlefjorden i Balestrand kommune. Fotograf: Ukjend.

Sjangervariasjonar

På dei tidlegaste post mortem-portretta, ca 1840-1870, er den avlidne gjerne portrettert som sovande eller sitjande, i nokre tilfelle med opne auge. Dødssymbol som blomar og liknande er fråverande. Bileta kan nærast gi eit inntrykk av eit ønske om å fornekte døden og framstille den avbilda som å vere i live.

Bilete 1, frå privatarkivet etter Bernt Askevold (1846-1926), er eit døme på eit tidleg post mortem-portrett. Eksplisitte dødssymbol er fråverande i bilete; barnet ser ut som at det søv. Det er påskrifta på bilete som fortel oss at så ikkje er tilfelle.

Seinare, frå 1890-åra av, vert symbol på døden, som til dømes forseggjorte likklede, eviggrønt og falda hender, ein integrert del av post mortem-portretta. Søvnmetaforen dominerer likevel framstillinga, døden er berre diskret antyda, sjå bilete 2 (ingressbilde) og 3.

På bilete 4 og 5 er kista godt synleg. Søvnmetaforen synest dermed ikkje så tydeleg uttrykt i desse fotografia; sjølve døden trer klarare fram.

Frå post mortem-fotografi til gravferdsbilete

I dagens samfunn er døden i stor grad skjult, døden er privatisert og institusjonalisert. Heimen er ikkje lenger den sentrale rituelle arena for død og gravferd, og fleire av dei tidlegare dødsrituala som post mortem-fotograferinga var ein del av vert ikkje lenger praktisert. Døden vert ikkje lenger oppfatta som den siste kvila, hevdar Reiakvam, men som ingenting. Døden vert fortrengd og tabubelagt.

EOS_Den siste kvila_6.jpg

6. Gravferda til Samuel Rasmussen Førde i 1924. I dette tilfellet er fotografen også prest. Fotograf: Olav Kvaale

Med den endra kulturelle haldninga til døden og tilhøyrande endring i rituell praksis, skjer det ei endring også i fotografisk praksis. I mellomkrigstida skjer det ei dreiing frå post mortem-portrettering til gravferdsfotografi med den sosiale fellesskapen i fokus. Slike kollektive gravferdsbilete vart også teke tidlegare parallelt med post mortem-fotografia, men vert no altså meir eller mindre einerådande.

EOS_Den siste kvila_7.jpg7. Gravferda til Emma Hove, 1955. Fotograf: Ivar O. Hove. 

Gravfylgje vert fotografert utanfor heimen eller på veg til kyrkja, sjå bilete 6 og 7. Seinare er det i all hovudsak kyrkja eller sjølve gravplassen, sjå bilete 8, som blir den fotografiske hovudarena (Reiakvam 1997).

EOS_Den siste kvila_8.jpg8. Frå gravferda til Jon J. Aase i 1956. Kista vert senka. Fotograf: Ukjend

Avslutning

I produksjonen av post mortem-fotografi og gravferdsfotografi har det å fotografere ein dobbel funksjon:

…både som del av rituelle handlingar ved høgdepunkta/vendepunkta i livet, anten det gjeld bryllaup eller gravferd, og som historiske vitnemål om dei same hendingane (Reiakvam 1997: 280).

Fotografia vi her har sett på kan dermed fortelje oss om endra fotografisk praksis og sjangerutvikling, og dei er kjelder til kunnskap om døden i eit kulturhistorisk perspektiv. At post mortem-fotografia i dag kan virke morbide og upassande på oss er kanskje desto større grunn til å gjere dei til gjenstand for fagleg merksemd og personleg ettertanke.

Illustrasjonar

Bilete 1: ”Min Søn Bernt som Lig”. Fotograf: Schilling. Privatarkiv SFF-881100.

Bilete 2: Post-mortem portrett av ukjent mor og barn, datert til ca. 1895-1930. Fotograf: Isak I. Hellebust. SFFf-1990060.119916.

Bilete 3: Familien Hove avbilda på gravferdsdagen til Agnes (19414-1915). Fotograf: Ukjend. SFFf-1995021.0045.

Bilete 4: Johannes Solbakken (1918-1927) vart berre 9 år. Kista er plassert på gardstunet. Fotograf: Ukjend. SFFf-1997046.0017.

Bilete 5: Uidentifisert mann fotografert i lyset frå eit delvis tildekt vindauge, ca. 1930-1935. Fotografiet er frå Vetlefjorden i Balestrand kommune. Fotograf: Ukjend. SFFf-1991102.0017.

Bilete 6: Gravferda til Samuel Rasmussen Førde i 1924. I dette tilfellet er fotografen også prest. Fotograf: Olav Kvaale. NFMf-1984002.0024

Bilete 7: Gravferda til Emma Hove, 1955. Fotograf: Ivar O. Hove. SFFf-1994251.0030.

Bilete 8: Frå gravferda til Jon J. Aase i 1956. Kista vert senka. Fotograf: Ukjend. SFFf-1993135.0010

Litteratur

Ekeberg, Jonas og Harald Østgaard Lund (red), (2008), 80 millioner bilder: Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005, Forlaget Press: Oslo

Grindland, Kari (1992), ”Post-mortem fotografier: Noen skjebner fra Smaalenenes Amt”, Bildet lever! Bidrag til norsk fotohistorie, 6: 65-80

Reiakvam, Oddlaug (1997), Bilderøyndom. Røyndomsbilde: Fotografi som kulturelle tidsuttrykk, Det Norske Samlaget: Oslo

Ruby, Jay (1999), Secure the Shadow: Death and Photography in America, The MIT Press: Cambridge