Initiativ mot fostring av sterke og friske borgarar finn vi døme på heilt tilbake til 1860. Då vart legemsøvelser eit frivillig fag for gutar. I samband med ny lov for folkeskulane i 1889 kom gymnastikkfaget for alvor inn på timeplanen. Lova sa at det måtte vere gymnastikk i byskulane og kunne vere gymnastikk i landsskulane.

I 1927 vart det reist krav om innføring av byskule i Høyanger. Dette reiste blant anna kravet om gymnastikk på timeplanen. Ny skule skulle byggast og det vart sett ei eiga sett ei byggjenemnd for bygginga av gymnastikksalen. Nemnda la fram eit forslag om ein moderne gymnastikksal med eige apparatrom og garderobar med dusj.

I 1932 stod det nye skulehuset ferdig med ein topp moderne gymnastikksal til skuleelevane på Høyanger folkeskole. Så langt fylkesarkivet har klart i finne ut var dette den første gymnastikksalen i fylket. I 1934 stod Florø folkeskole ferdig med sin gymnastikksal.

Byggeteikning av Høyanger folkeskole, 1 plan. 

Vedtak frå skulestyret i Kyrkjebø kommune om bygging av gymnastikksal i Høyanger.

SFFf-1993377 0024.jpg