Einerett

Åndsverklova gjev utøvande kunstnarar, som til dømes musikarar, einerett til å rå over si eiga framføring. Dette vernet varer i 50 år etter utløpet av året framføringa fann stad eller vart offentleggjort. Lydopptak i tradisjonsmusikksamlinga som er yngre enn 50 år er difor verna, og utøvaren må gje løyve til bruk og utkopiering. For svært mange av opptaka har fylkesarkivet fått generelt løyve frå rettshavar til formidling og utkopiering til ikkje-komersielle føremål.

Opphavsrett

Tradisjonsmusikksamlinga omfattar i hovudsak dokumentasjon av tradisjonelle melodiar, det vil seie verk utan kjend opphavsmann. Denne musikken har ikkje vern gjennom åndsverklova.

I tillegg fins det i samlinga ein del musikk der melodi og/eller tekst har kjend opphavsmann, og offentleg framføring eller avspeling av denne musikken utløyser krav om betaling av vederlag til rettshavaren. I Noreg er det TONO som krev inn vederlag på vegne av rettshavar(ane). Vernetida for musikk med kjend opphavsmann varer i 70 år etter utgangen av rettshavaren sitt dødsår.

Du kan lese meir om åndsverklova i publikasjonen "På rett hylle med åndsverkloven".