Britt Pernille Frøholm frå Hornindal spelar like gjerne samtidsmusikk som tradisjonelle slåttar frå heimbygda i Nordfjord. Med hardingfele og fele som hovudinstrument har ho dei siste åra gjeve ut ei rekkje kritkarroste plater, både solo og saman med trioen Maar, mfl. Ho har i dag Sør-Fron som base for frilansverksemda si, og nyleg fekk ho tildelt arbeidsstipend frå Oppland fylkeskommune.

- Arkivet er ei viktig samling med mykje interessant musikk og historie, og eg blir aldri ferdig med å leite der.

Variasjonar og variantar

Frøholm nyttar ofte arkivet når ho er nysgjerrig og på leit etter ny musikk, anten det er for å lære slåttar til bruk på eigne innspelingar, eller berre for å lytte til ulike utøvarar og uttrykk.

- Det er alltid interessant å finne att ulike slåtteformer av same slått, og spennande å høyre variasjonar i spel frå bygd til bygd. Og høyr berre kor ulikt Jon Rosenlid og Samuel Bergset utvikla seg stilistisk, trass i at dei begge gjekk i lære hjå same læremeister!

Den eldste lyden

I musikkarkivet er det registrert innspelingar med ei rekkje spelemenn frå Nordfjord, og Frøholm trekkjer fram opptaka med Jens K. Maurseth (1863-1927) som heilt unike. I 1921 spelte han inn fleire slåttar på voksrull (fonografrull), og dette er dei tidlegaste opptaka av folkemusikk vi kjenner til frå fylket. I 2008 vart desse opptaka gjevne ut på plata «Historisk sus», saman med opptak av Rolf Myklebust og Alfred Maurstad.

Rikt kjeldetilfang frå Nordfjord

Felespelarane Alfred Maurstad, Jon Rosenlid, Lars Hjellbakk, Leif Thomasgaard – lista over inspirasjonskjeldene til Frøholm er lang.

- Hamborgarspelet til Einar Henden er av høg klasse! Men det er ikkje berre felespelet som er verd å lytte til. Høyr til dømes på songarane Elling Seljeset, Marta Seljeset Frøland og Andreas Vinsrygg. For ikkje å gløyme gravferdssongane til Samuel Lødemel.

Å bli minna på …

Frøholm har vore heldig som har fått oppleve og lære direkte frå fleire kjelder. Likevel gjev det henne nye idear og inspirasjon å jobbe med arkivmateriale.

- Eg brukar arkivopptaka for å lære nye slåttar, og som grunnlag for å komponere ny musikk. Men det er og ein måte å kome tilbake til der eg starta, og bli minna på korleis slåttane eigentleg var. Og kor sterke uttrykk ein kan klare å skape med ei enkel fele.

Høyre Britt Pernille Frøholm spele folketonen "Rik du er på kjære minne" etter Olina Nygård og ein springar etter Jon Bolstad, begge tradisjonelle melodiar frå Nordfjord.