Kristoffer Kjos vart fødd i 1902, og virka som misjonær i Kina 1928-1932, Mandsjuria 1932-1946 og Japan 1957-1960. I perioden han var i Mandsjuria heldt han til i byen Tsitsihar, no Qiqihar.

Mandsjuria er eit område nord-aust i Kina, som om lag tilsvarar dagens kinesiske region Dongbei. Mange «kvite» russarar slo seg ned i regionen etter at bolsjevikane gjekk sigrande ut av den russiske borgarkrigen. Mandsjuria blei tidleg på 1930-talet okkupert av japanarane, og var eit lydrike fram til 1945.

Det er Claus Rumohr Moe på Hafslo, barnebarn av brevmottakaren med same namn, som har levert brevet til oss.

Nedanfor fylgjer eit utdrag av brevet frå Kjos:

Her i Tsitsihar bur ikkje så få russarar («kvite»). Dei har diverre ikkje noko godt ord i «Østen». Ein dag eg stod ute i gata, delte ut traktatar og bad folk gå inn, kom ei russarkone framum. Ho rabla vekk på russisk. Eg svarte på kin. at eg forstod det ikkje. Då peikte  ho på traktanane og sa på engelsk: «Kva er dette?»

Det sa eg og spurde um ho trudde på Gud og på Kristus. Ho likte spursmålet berre so passe, for ho for framum og svarte eitkvart utan å snu seg attende. Etterpå fortalde Vik at ho var jøde. Det er synd på alle desse heim- og fedrelandslause kvite-russarar. Dei hatar sine «raude» frendar med eit glødande hat, og vonar berre at Sovjet skal få krig med eit eller anna land, helst Japan, so trur dei bolsjevikstyret skal ramla og dei kunna koma attende til sitt land og sine eigedomar. Ein som før var grube-eigar i Siberia, driv ein liten kafe her. Medan Vik og eg var åleine her oppe, gjekk me der og fekk middag. Det er helst betre stilla som måtte røma etter revolusjonen og no for ein stor del lever i fatigdom her i Manchuria og sør i Kina. Dei fårlegaste bandittane i Harbin er som regel ogso russarar.

Ein heil del er i japansk teneste. Diverre er det lite ein kan nå desse med evangeliet; for dei kan som regel berre russisk, og det er eit fælt språk å læra.

Du undrast kanskje korleis me likar oss under japansk styre. For det fyrste må ein segja at ein kjenner seg trygg og har ei kjensla av å vera i eit sivilisert styrt samfund. Og so er ein heilt fri overhenget av militæret med storsnuta soldatar o. l. slik som sør i Kina. Aldri vert ein ropt etter fordi ein er utlending. Politiet er det som syrgjer for passvisitasjon og slike ting, og dei er alltid høflege. Politiet er manchugwo sine folk (kinesarar). Dei kinesiske soldatane (Manchugwo si hèr) er og snille og høflege. For bak det alt står japanarane, og dei styrer strengt. Men det undrar meg ikkje at kinesarane kjenner åket fælt. Dei står der tagalle, bit tennene i hop og med trass i blikket når japanske troppar fer gjennom gata, sperrar trafikken eller eitkvart anna. På gata torer ikkje kin. tala um tilstanden eller kva dei synest. Her hjå oss tek dei ofte bladet frå munnen og auser ut alt sin kjærleik til småkarane.  Ein sa her um dagen at det var godt å kunna snakka fritt, ute i byen kunde ein berre tala um mat og drikka.

Det er eit godt stykke arbeid J. har teke på seg å styra 30 mil. menneske med hjarta fullt av hat og motstand og med 400 mil. sør um muren som står på deira sida. Til ei tid går det nok, men i det lange løp vil dei koma til å måtte bita i graset.

Kjelder og litteratur:
- SFF-2013111 Moe, Claus
- NML leksikon
- Mandsjuria - Wikipedia