Orda tilhøyrer Helen Keller, den verdskjende amerikanske forfattaren som vart døvblind i ung alder. Ho skreiv fleire brev til landsmannen William Singer, som var busett Olden.

Vi fortalte før sommaren om arkivet etter Rasmus Yri. Det er no i ferd med å bli gjennomgått og ordna. Det er tale om eit temmeleg stort tilfang. Breva til Singer utgjer ein viktig del av arkivet. Frå Keller har vi så langt registrert sju brev.

Historia om Helen Keller fascinerer stadig nye generasjonar. Berre 19 månader gammal fekk ho ein sjukdom som gjorde at ho tapte både syn og høyrsel. Ho makta likevel å bryte gjennom isolasjonen, fekk seg utdanning og blei etter kvart ein kjend og respektert person, ikkje berre som pionèr og stridskvinne for døve og blinde, men også som forfattar og politisk aktivist.

I Bokhylla finst det fleire bøker av og om Helen Keller:
- Helen Keller: Mitt liv
- Ella Griffiths: Helen Keller 
- Lorena A. Hickok: Historien om Helen Keller 

Nedanfor fylgjer nokre smakebitar frå breva Helen Keller skreiv til William Singer.