Fylkesarkivet inspiserte heradshuset 12. august saman med arkivleiar i kommunen. Sjølv om skadane er omfattande på, ser det heldigvis ut som det stort sett er gått bra med det arkivverdige materialet i den forstand at det ikkje er brent opp. Så godt som alle eldre, bevaringsverdige arkiv er teke hand om av Fylkesarkivet tidlegare, og plassert i magasin i Sogn. Likevel står det ein god del nyare arkiv i heradshuset som har fått omfattande fukt, røyk og brannskadar. Det ser imidertid ut som om det meste av dette vil kunne restaurerast. Fylkesarkivet er i desse dagar i gang med å kartlegge skadeomfanget og berge det materiale som det hastar mest å ta hand om.

Hermundgloppen[1].jpg

Fylkesarkivrepresentantar i aksjon i 1987. Hermund Kleppa øvst i full gang med å sortere ut det bevaringsverdig materiale. Bjørn Bering nedst i gang med å bere materiale utfrå Heradshuset i Gloppen til "eit tryggare tilvære" Fotografar: Ragnar H. Albertsen (øverste bilete) Hermund Kleppa (nederste bilete)

bjorngloppen[1].jpg