Av Randi Melvær.

Frå Fylkesarkivet sitt bibliotek vil eg i dag trekke fram ei skjønlitterær bok. Dette fordi ho byggjer på ei segn og på stadnamnmateriale frå Aurland som Fylkesarkivet har publisert på web og på fylkesatlas. 

Boka er spanande og godt skrive og handlinga er lagt til 1800-talet. Då blei ingen dømt fredlause lenger. Den siste lova som inneheldt paragrafar om fredløyse var Christian Vs Norske Lov av 1687. Men, dei som blei dømde då, måtte forlate landet.

Kjetilsonhola og Kjetilsonholten finn vi på www.fylkesatlas.no i fjellet rundt Skjerdal i Aurland. I segna hadde ikkje mannen noko førenamn, men det har han fått i boka: Egil.

Det er ei dramatisk hending som gjer at Egil blir dømt fredlaus, ein slåsskamp som får ein fatal utgang for den han slåst med. Han må reise frå familie og kjærast og opphalde seg ute i naturen, ute av syne for folk, og spesielt i løynd for familien til han som døydde i basketaket.

Vi får fylgje alle gjeremåla til Egil Kjetilson ute i naturen rundt Skjerdal. Det manglar ikkje på spanande episodar i boka. Eg rår alle følgjarane våre til å lese denne boka!

 

Skjerdal, Haakon: Fredlaus under Blåskavlen. www.Tekstakutten.no., 2018. 202 s.

ISBN: 978-82-690973-0-6