Bokmelding skriven av Randi Melvær.

Kva Shetlandsgjengen var, treng eg vel ikkje forklare. Ueland har sett avdelinga inn i samanheng med Storbritannia og Noreg sine militære avdelingar. Han har brukt arkiv og dokument som grunnlag for boka si, også ei dagbok. Det er berre ein som lever att (i 2017) av dei som var med og som kan fortelle.

Mange frå kysten av fylket vårt tok del i aksjonane: 44 menn kom frå Sogn og Fjordane. Frå Bremanger kom 11 menn, av desse heitte fem menn Grotle og var i familie. To av dei kom ikkje frå det levande. Her er opplysningar om kor lenge dei var med og på kva aksjonar.

Det er utruleg at dei greidde å gjennomføre så mange aksjonar sjølv etter at tyskarane hadde avslørt verksemda. Dei vart jo også angripne mange gonger. Likevel fortsette dei arbeidet sitt i små fiskebåtar med våpen kamuflert under fiskeutstyr.  Seinare fekk dei større raskt-gåande båtar. 26 av tokta gjekk til Sogn og Fjordane.  

Då eg var skulejente fekk eg møte ein av desse modige mennene. Det gløymer eg aldri! Han arbeidde då på Fornebu flyplass, og var ein blid og smilande mann. Far min, Steinar Melvær (1923-2015),  fortalde om kva han hadde vore med på.  Eg trur det var Odd Rudolf Hansen, fødd i 1917. Dei kalla han Shetlandshansen. Han var med på oppdrag frå 1941 til 1945. Eg ser at eit av tokta han var med på til nabofylket i nord vart svært så dramatisk. Dei blei angripne og skotne på. Av manskapet på sju var det berre to som ikkje blei såra, det var Odd Hansen, som var telegrafist, og Leif Larsen som var skippar. Dei kontakta fleire for å få hjelp med dei såra, men folk torde ikkje å hjelpe til. Dei blei melde til tyskarane av ein dei hadde bede om assistanse. Heldigvis venta han med å melde frå, og i mellomtida hadde dei fått hjelp til å kome seg attende til Shetland.

Olai Hillersøy, født 3.mars 1915. By Tonimanos [CC BY-SA 4.0 (https://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0)], from Wikimedia Commons

Olai Hillersøy var kystskippar og fiskar frå Bulandet i Askvoll. Han var med i Shetlandsgjengen som skippar på mange tokt. 

By Tonimanos [CC BY-SA 4.0 (https://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0)], from Wikimedia Commons