I desse dagar held fylkesbiblioteket på med siste innspurt i ordninga av arkivet som skal deponerast  på fylkesarkivet. Jobben vert gjort her i våre lokaler og vi har fått tatt ein sniktitt ned i arkivøskjene deira. Der fann vi blant anna ut at fylkesbiblioteket har arbeidd for å fremje den demokratiske utviklinga i Latvia midt på 90-talet!

Sommaren 1995 fekk Sogn og Fjordane fylkesbibliotek ny bokbuss. Statens bibliotektilsyn fremja då forslaget om å sende den gamle bussen til folkebiblioteket i Ogre i Latvia. Biblioteka i Latvia var på den tida inne i ei omstillingsfase frå sovjettidas bibliotekform der biblioteka vart nytta til propagandaformål. No ynskte Latvia at biblioteka skulle vere ein plass for fri informasjonsformidling utan ideologisk sensur og represaliar.

Lyspunkt i kvardagen

Viljen til å nytte biblioteka i demokratiutviklinga var stor i Latvia, men dårleg økonomi bydde på utfordringar. Ein gamal bokbuss og god bibliotekkunnskap frå Sogn og Fjordane var var då til god hjelp. Våren 1996 vart bussen fylt med engelskspråkleg litteratur og sendt til Latvia. Same hausten var bokbussen klar til dyst på latviske landsbygda. Fylkesbiblioteket fekk tilbakemelding frå biblioteksjefen at menneska på landsbygda sette stor pris på bokbussen. Mange hadde det tøft og bokbussen vart eit lyspunkt i kvardagen.

Vellukka samarbeid

Bokbussen viste seg å vere ein suksess i for biblioteket i Ogre og utlånstala auka monaleg i 1997, takka vere den mobile bibliotekløysinga. I 1996 var utlånstalet 359 213 medan det i 1997 var 449 345. I tillegg til bokbussen fekk tilsette frå biblioteket i Ogre komme på hospitering til Sogn og Fjordane, der dei blant anna fekk it-opplæring av fylkesbiblioteket. I 1997 vart det vellukka kulturelle samarbeidsprosjektet avslutta. Fylkesbiblioteket fekk mange nyttige erfaringar og fekk vere med å fremje den demokratiske utviklinga i Latvia, og det er rett og slett skikkelig kult! 

Fylkesbiblioteket på arkivportalen

I desse dagar er arkivet til fylkesbiblioteket for perioden 1962-2012, avlevert til fylkesarkivet sine depot på Leikanger. Du kan no søkje i arkivet på arkivportalen. 

Om du lurer på kva arkivet inneheld kan du gå inn på arkivportalen.no.