Prosjektet om fotograf Elen Loftesnes frå Sogndal er i innspurten, og det er no mogeleg å lese om kva me har funne ut. Ein stor del av Loftesnes-prosjektet har dreia seg om å samle inn opplysningar om ein fotograf som me i utgangspunktet visste svært lite om, og ei spennande arbeidsoppgåve på fylkesarkivet sitt korona-heimekontor har vore å ringe rundt i Sogndal og andre stader for å kartlegge kvar informasjon kan finnast.

Elen Loftesnes_sjølvportrett_crop.jpg
Sjølvportrett av Elen Loftesnes, årstal ukjend.

Detektivarbeid

Leitinga førte oss mellom anna på besøk til heimar i Sogndal, Bergen og Leikanger, ned i fotograf Sviggum sitt fotoarkiv, til ulike Frelsesarmé-kontor, inn i avisjungelen hjå Nasjonalbiblioteket, og gjennom ei innhaldsrik brevsamling. Ein konklusjon frå prosjektet vil vere at det alltid lønnar seg å ta vare på det du finn på loftet, heller enn å la det gå i konteineren!

Hjå mange informantar dukka det opp spennande nytt materiale frå Loftesnes sin produksjon.
Hjå mange informantar dukka det opp spennande nytt materiale frå Loftesnes sin produksjon.

Det kanskje mest uventa funnet var hjå Frelsesarmeen sitt kontor i Sogndal. Dei hadde liggande ein fargerik heimelaga duk der Olav Loftesnes, bror til fotografen, hadde brodert inn livssoga si. Det viste seg at duken mangla nokre opplysningar og difor ikkje var så nyttig som kjelde likevel, men for eit kjekt dokument å finne, som også sa mykje om sin opphavsmann.

Denne duken er handbrodert av brigader i Frelsesarmeen, Olav Loftesnes, som var bror til Elen Loftesnes.
Denne fantastiske duken er handbrodert av brigader i Frelsesarmeen, Olav Loftesnes, som var bror til Elen. Det er ikkje kvar dag fylkesarkivet får granske slike kjelder.

Ny kunnskap og nye bilete

Ikkje minst har det rike fotomaterialet i arkivet gitt oss mykje informasjon om livet til Loftesnes, då det inneheld svært mykje privatfoto så vel som atelierportrett. Fotoarkivet har bidrege til å forstå livet hennar betre, og opplysningane me har fått inn har bidrege til større kunnskap om fotoarkivet. Til saman dannar det seg eit bilete av ein uvanleg og interessant fotograf.

Les artikkelen om Elen Loftesnes på Kulturhistorisk leksikon.

Eit utval bilete er publisert på fylkesarkivet si Flickr-side. Denne sida er retta mot eit internasjonalt publikum, og er difor teksta på engelsk. Følg denne lenka for å sjå bileta. 

I webarkivet ligg det no ein stor del bilete frå Loftesnes-arkivet ute, men alle er enno ikkje lasta opp. I næraste framtid vil dette arkivet verte komplett tilgjengeleg for publikum, følg med på nyhende frå fylkesarkivet.

Gjer søk i fotoarkivet etter Loftesnes, i fylkesarkivet sitt webarkiv.

Me på fylkesarkivet håpar bileta til Loftesnes vil bidra til at våre lesarar både får lyst til å leite etter skattar på loftet, og komme seg ut på ski (men hugs å halde god avstand, i motsetnad til gutane hjå Loftesnes).

God påske!

 

Prosjektet er støtta av Norsk kulturråd og Arkivverket.  

Relaterte artiklar