Fredag 28. oktober fekk Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane besøk av United World College i Fjaler. Om lag 30 elevar frå skulen tok turen til fylkesarkivet for å læra meir om arkiv og Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sitt arbeid.

Elevane frå UWC fekk presentasjonar av fylket, fylkeskommunen og fylkesarkivet, etterfulgt av ei omvising i magasina våre. Dette var interesserte og engasjerte elevar som hadde mange gode spørsmål undervegs.

Andre halvdel av dagen var sett av til gruppearbeid, der elevane vart inndelte i grupper der dei fekk oppgåver med ulike tema innan Fylkesarkivet sine temaområde. Dei som valde å sjå nærare på offentlege arkiv, skulle sjå på korleis arkiva i deira eige heimland er oppbygde samanlikna med Noreg. Det var spanande å høyre om funna dei hadde gjort om arkivtilhøva i eige heimland i forhold til Noreg. Ei gruppe presenterte folkemusikken i Irland og samanlikna den med folkemusikken vi har i våre arkiv. Nokre av elevane såg på stadnamn og ei gruppe hadde funne fram interessante moment frå privatarkivet etter misjonæren Malla Moe. Presentasjonane vart utført på ein solid og framifrå måte, og det på den korte tida dei hadde fått til disposisjon.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane takkar så mykje for besøket, og ynskjer UWC velkommen tilbake.