FamilySearch er ein genealogisk organisasjon driven av Jesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars Heilage (Mormonkyrkja). Nettstaden med same namn stiller til rådvelde ei gigantisk samling av ressursar som er relevante for slektsforskarar. 

FamilySearch har samarbeid med over 10 000 arkivinstitusjonar på verdsbasis, og har samla inn materiale frå over 100 ulike land. I Noreg har dei i halvtanna år skanna materiale frå Oslo Byarkiv.

I våre samlingar er det nok først og fremst skuleprotokollar og likningsbøker som kan vere aktuelle for digitalisering. Samstundes er det klårt at ikkje alt arkivmaterialet utan vidare kan bli publisert på internett. Som ved andre publiseringsprosjekt vil personvernomsyn leggje føringar på kva som vil bli gjort tilgjengeleg for ålmenta.

Det var eit nyttig møte med to hyggelege representantar frå FamilySearch. Vi ser fram til eit eventuelt samarbeid.

Slektsforskarar som ikkje allereie kjenner til FamilySearch gjer vel i å vitje nettstaden. Ikkje minst gjeld det dersom ein er på jakt etter slektningar i utlandet. FamilySearch har også ein eigen wiki med mykje nyttig informasjon om Sogn og Fjordane.