Denne artikkelen vart først publisert i Kjelda nr.2 2012, i samband med Fylkesarkivet si rolle i arbeidet med oppreising for dei som var plassert under kommunal omsorg i tidlegare Sogn og Fjordane før 1. januar 1993. Teksten har vorte redigert for publisering på fylkesarkivet.no i mars 2021. 

 

Etableringa av barnevernet og den første barnevernlova

Barnevernet skal jobbe for å sikre framtida for barn og unge gjennom akseptable oppvekstvilkår. Noreg vart det første landet i verda med eit offentleg barnevern. I 1896 vart «Lov om forsømte barns behandling» innført, seinare kalla verjerådslova, og med dette vart det kommunale barnevernssystemet oppretta. Hovudmålet med verjerådslova var å få ei reform som skulle erstatte straff med oppseding for å hanskast med den aukande ungdomskriminaliteten. Initiativet til lova kom frå Bernhard Getz, Noregs første riksadvokat. Getz meinte at barn vart kriminelle som eit resultat av at dei vart forsømte, og det måtte difor fokuserast på førebygging. Som eit ledd i denne førebygginga føreslo han å erstatte fengselsstraff og utvising frå skulen med oppseding og opplæring på skuleheimar.Lov om behandling av forsømte børn2.png

Etter lova skulle det opprettast kommunale verjeråd med omfattande mandat. Verjeråda vart oftast involvert etter initiativ frå skule eller påtalemakta, og skulle ta seg av kriminelle barn og barn med andre åtferdsvanskar. Dei kunne også gripe inn i situasjonar der barn vart utsette for omsorgssvikt eller mishandling. Dei kunne mellom anna refse og gje formaningar til foreldre, men dei hadde òg fullmakt til å ta barnet bort frå foreldra og plassere det i fosterheim eller ulike barnevernsinstitusjonar. Slike institusjonar inkluderte tvangsskular, skuleheimar, barneheimar, rekonvalesentheimar og sjukehus.

Tanken bak var god, men realiteten vart ein heilt annan. Det vart etter kvart avdekka svært kritikkverdige forhold på mange skuleheimar og andre institusjonar, til dømes mangelfull omsorg, maktmisbruk og overgrep. Undersøkingar avdekka eit miljø der pedagogiske verkemiddel var baserte på straff og frykt i staden for oppmuntring og hjelp. Dei tette banda mellom skule og barnevern førte ikkje nødvendigvis til betre vilkår for bortplasserte born, korkje pedagogisk eller sosialt. Mange landkommunar unnlèt òg å opprette verjeråd, sjølv om det var lovpålagd. Andre stader oppstod det konfliktar mellom fattigvesenet og verjerådet om kven som hadde rett til å gripe inn i dei einskilde sakene og om kven som skulle ta rekninga.

Eit barnevern i utvikling

Orkerød barnehjem, Jeløy ved Moss, eier Den Norske Frimurerlosje, ca 1920, foto Gustaf Lindman, Østfold fylkes billedarkiv. cc by-nc-nd.jpg
Orkerød barnehjem på Jeløya ved Moss. Barneheimen var eigd av Den Norske Frimurerlosje, ca 1920. Biletet er tilfeldig valt og denne institusjonen kan ikkje knytast til artikkelens innhald. Foto: Gustaf Lindeman, kjelde Østfold fylkes billedarkiv/Østfoldmuseene. CC BY-NC-ND.

Utover 1930-talet kom det inn nye perspektiv i barne- og ungdomspsykiatrien, og det vart eit aukande fokus på familieheimen som det beste oppvekstalternativet. Bortsetjing av barn burde i størst mogleg grad unngåast. Det oppstod ein massiv kritikk av verjerådssystemet, og 17. juli 1953 vart «Lov om barnevern» vedteken. Lova vart sett i verk 1. juli 1954 og samla føresegnene om barn frå verjerådslova, forsorgsstyrelova, helserådslova og skulelova. Det vart vektlagt at det var foreldra sitt ansvar å gje barnet den omsorga det har behov for.

Den nye lova førte med seg ei ny tilnærming med fokus på førebygging, sosial service og hjelpetiltak. Den moralske fordømminga av sviktande foreldre vart mindre, i staden skulle ein no førebygge problema ved å hjelpe og støtte familien. Det vart dermed slutt på formaninga av foreldre, og barnevernet skulle no heller gje råd og rettleiing. Ein skulle styrke familien, og bortsetjing av born skulle berre brukast som siste utveg etter gjennomførte tiltak i heimen.

Psykologi og psykiatri vart inkludert i hjelpetiltaka, og målet var å unngå tvangstiltak og bortsetjing av barna. Også økonomisk støtte kunne brukast for å styrke familieheimen. Dersom det likevel var naudsynt å fjerne barnet frå familieheimen, skulle det fortrinnsvis plasserast i fosterheim, ikkje i institusjon. Tidlegare plasserte ein helst barn på institusjonar heller enn i fosterheimar, medan fosterheimen no vart løfta fram som eit betre alternativ enn institusjon. Det var ikkje mogleg å kutte ut all institusjonsplassering, men institusjonane skulle heretter vere små og familieliknande slik at barna skulle få meir vaksenkontakt og merksemd enn tidlegare.

Diverre skulle det vise seg å bli vanskeleg og gjennomføre store endringar for å styrke og betre barnevernet, sjølv om situasjonen vart litt betre. Lova skulle i utgangspunktet styrke ettervernet for skuleheimselevar. Det vart foreslått å opprette to nasjonale stillingar for dette, men usemje om plassering av ansvar og finansiering gjorde at stillingane ikkje vart oppretta. Det økonomiske aspektet var også ei av dei viktigaste årsakene til at endringane ikkje lukkast. Barnevernsarbeidet skulle framleis finansierast og administrerast av den einskilde kommune, utan noko form for statleg økonomisk støtte. Dette førte til store forskjellar mellom store og små kommunar. Vidare vart betringa vanskeleggjort av at barnevernet vart ilagt roller som kom i konflikt med kvarandre; det skulle i utgangspunktet ha ei hjelpande rolle, samstundes som det hadde mandat til å førebu og gjennomføre tvangstiltak.

Fram til no hadde barnevernsarbeidet vore spreidd mellom verjeråd, fattigvesen og helseråd, men no skulle det leggast inn under kommunale barnevernsnemnder. Fylkesmannen fekk i oppgåve å føre tilsyn med dei nye nemndene. Etter mykje diskusjon vart det bestemt at instruksjonsmynda skulle ligge hos fylkesmannen, men at sjølve tilsynet skulle utførast av barnevernssekretærane. Sosialdepartementet vart oppnemnt som fagdepartement. I løpet av fire år, frå 1955 til 1959, hadde alle landets fylke eigen barnevernssekretær. Rolla deira kunne variere frå fylke til fylke, avhengig av bakgrunn og den einskilde fylkesmanns instruks, men opprettinga av denne stillinga gjorde at barnevernsnemndene kom til å fungere betre enn verjeråda hadde gjort.

Generelt kan ein seie at barnevernet utvikla seg frå å vere eit kall, basert på privat engasjement, til å bli ein jobb, før det enda opp som eit fag. I byrjinga var det private og organisasjonar, gjerne religiøse, som tok initiativ til å opprette og drifte barneheimar og skuleheimar, med lite tilsyn og innblanding frå det offentlege. Frå institusjonar drivne av tilsette utan fagleg bakgrunn, som sjølve opphaldt seg på institusjonen, gjekk utviklinga mot institusjonar drivne av profesjonelle med fagleg utdanning, og som hadde eit liv utanfor institusjonen. Den privatiserte institusjonen kom òg meir i bakgrunnen, og i dag er det staten som har ansvaret for etablering, drift og godkjenning av barnevernsinstitusjonar.

Sovesal på Lillehagen barnehjem, Foto Anders B. Wilse ca 1920. Oslo Museum.jpg
Slik kunne sovesalen sjå ut på barneheimen. Dette biletet er frå Lillehagen barnehjem i Sandvika, ca 1920. Biletet er tilfeldig valt og denne institusjonen kan ikkje knytast til artikkelens innhald. (Foto: Anders Beer Wilse/Oslo Museum, ingen opphavsrett)

Oppreisingsordninga

Mange kommunar og fylkeskommunar etablerte oppreisingsordningar for barneheimsbarn på 2000-talet. Dette kom som resultat av eit nasjonalt søkelys mot omsorgsvikt og overgrep i institusjonar for barn. I 2003 oppretta det som då heitte Barne- og familiedepartement eit nasjonalt kartleggingsutval som såg på institusjonar for barn i perioden 1945–1980. I 2004 slo utvalet fast at forholda hadde vore kritikkverdige ved mange institusjonar. (NOU: 2004:23).

I 2003 etablerte Bergen kommune ei erstatningsordning for tidlegare barneheimsbarn. Dette skjedde etter at det i 2003 kom ein lokal rapport som viste at fleire av barna i kommunale og private barnevernsinstitusjonar i perioden 1954 til 1980, hadde vorte utsett for grov vald, overgrep og omsorgssvikt. Etter 2003 etablerte fleire kommunar liknande ordningar.

Arbeidet med oppreising i Sogn og Fjordane

I tidlegare Sogn og Fjordane samarbeida fylkeskommunen og kommunane om ei oppreisingsordning for dei som var plassert under kommunal omsorg før 1. januar 1993. Dei vil gje ei oppreising og ei orsaking utan atterhald til dei som vart utsette for overgrep eller omsorgssvikt i institusjon, fosterheim eller anna kommunal plassering. Avgrensinga i tid til 1993 er grunna i ny barnevernslov som kom 17. juni 1992. Etter den nye lova skulle tvangssaker no avgjerast av nyoppretta fylkesnemnder for sosiale saker, nemnder som var uavhengige av barnevernet. Det vart no ei tydelegare rollefordeling mellom kommune, fylkeskommune og stat.

Oppreisingsordninga var i drift i tidsperioden 1.1.2011 til 1.1.2013. Dei som fekk innvilga oppreising fekk inntil 725 000 kr, og dette var uavhengig av om dei tidlegare har fått erstatning gjennom statlege ordningar. Juridisk ansvar eller økonomisk tap vart heller ikkje lagt til grunn for avgjerda, og plasseringskommunen var ansvarleg for å utbetale erstatninga. Søknader om oppreising vart førebudd av eit sekretariat før dei vart lagt fram for oppreisingsutvalet som fatta avgjersler. Søknadene vart som regel handsama innan seks månader, og vedtak kunne påklagast til gjeldande kommune sitt faste klageorgan.

Bevisbyrda for søkjarane var mindre i desse sakene enn i andre saker. For å få oppreising måtte søkjarane sannsynleggjere at dei vart utsette for omsorgssvikt eller overgrep medan dei var under offentleg omsorg. Avgjerda om oppreising vart tatt på grunnlag av eigenerklæring frå søkjar, saman med annan dokumentasjon. Ein viktig del av eigenerklæringa var eit intervju med sekretariatet for oppreisingsordninga, der søkjarane fortalde om eigne opplevingar.

Guttehjemmet August Herman Francke, fotograf ukjend. Oslo Museum.jpg
Gutteheimen August Herman Francke var ein av mange private barneheimar. Biletet er tatt ca 1900-1910. I 1916 vart gutteheimen flytta til Wøyen i Bærum, og fekk namnet Wøyen Guttehjem. Biletet er tilfeldig valt og denne institusjonen kan ikkje knytast til artikkelens innhald. (Fotograf ukjend, kjelde Oslo Museum. CC BY-SA 4.0

Personlege opplevingar

Opplevingane som har vorte dokumenterte i prosessen i Sogn og Fjordane dreier seg om alvorlege manglar ved den praktiske omsorga dei fekk, i form av dårlege butilhøve, mangelfull ernæring og mat, dårlege klede, dårleg tannstell og isolasjon frå andre born og omgivnader. Vidare fortel mange om fråverande kjenslemessig omsorg, med mangel på vaksenkontakt og individuelt tilpassa omsorg. Dei vart utsette for fysiske overgrep i form av slag, øyrefikar og bjørkeris, eller trugslar om dette. Fleire vart også innelåste i kjellarar og kott.

Ein annan straffemetode som har komme fram under intervjua med søkjarane er reiming, der borna vart bundne fast i senga om natta. Både kvinner og menn fortel om seksuelle overgrep, til dels av svært krenkande karakter. Overgrepa vart som regel utført av personale og besøkjande til institusjonane, men dei fann også stad medan borna var i midlertidig privat plassering medan institusjonen var stengt om sommaren.

Men slike historier er ikkje unike for Sogn og Fjordane. Liknande døme har komme fram i oppreisingsordningar i andre fylke og i offentlege utgreiingar. Det at fleire fortel om liknande opplevingar frå tida under offentleg omsorg og frå dei same institusjonane er med på å styrke den einskilde søknad, også i tilfelle der det ikkje finst konkrete bevis for at overgrepa fann stad.

Mange institusjonar låg isolert og øyde til, med liten kontakt med omverda. Dette, kombinert med dårlege tilsynsrutinar, var eit godt fundament for eineveldige og maktmisbrukande styrarar. Mange skuleheimar hadde eit sterkare fokus på hardt arbeid enn skulegang, og mange styrarar førte ein streng disiplin basert på ulike former for straff. Samstundes gav eit lukka miljø større spelerom for avvikarar, då det var mindre fare for å bli oppdaga. Bemanninga bestod ofte av ein sterk og erfaren leiar og unge og uerfarne hjelparar. Om leiaren då dreiv med maktmisbruk kunne det vere vanskeleg for dei andre å stå i mot, og faren auka for at slike haldningar også spreidde seg nedover i systemet.

Det vart innført lovendringar som skulle betre på situasjonen og forhindre overgrep, men det tok lang tid å endre folks haldningar. Til dømes vart totalforbod mot fysisk avstraffing i skuleheimar innført med spesialskulelova i 1951, men praksisen vart ikkje avskaffa før langt utpå 60-talet.

Elever ved Sætres institut for aandsvage børn, Avdeling for spesialsamlinger vedUiB, , foto Atelier K. Knudsen.jpg
Elevar ved Sætres institut for aandsvage børn i Bergen. Denne skulen vart i 1901 kjøpt av staten og fekk nytt namn: Eikelund offentlige Aandsvageskole. Dette er ein av skulane som peika seg ut i oppreisingsarbeidet i tidlegare Sogn og Fjordane. Foto: Atelier K. Knudsen, Avdeling for spesialsamlinger ved UiB. 

Innhenting av informasjon

I tillegg til søkjarane sine eigne erfaringar, vert det i slike prosessar også henta inn anna dokumentasjon. Og her er det arkiva spelar ei sentral rolle. Fylkesarkivet oppbevarer mykje arkivmateriale frå kommunane i fylket, og mange arkiv som er aktuelle for slike saker. Sekretariatet i Sogn og Fjordane hadde per 22. mai 2012 motteke 41 søknader om oppreising, og for om lag 20 av desse har Fylkesarkivet bidrege med dokumentasjon vedkomande til dømes plasseringsansvar, årsak til plassering, kor søkjar var plassert og kor lenge opphaldet varte.

I dei yngste sakene kan det finnast klientmapper frå barnevern, skule og sosialteneste, men det gjeld ikkje for dei sakene som går lengst tilbake i tid. For dei eldste sakene må ein leite i arkiva etter barnevernsnemnder/verjeråd, fattigstyre, skulestyre og helseråd. I desse arkiva er det stort sett møtebøkene som er aktuelle, men også gjennomgang av rekneskapsbøker og brevjournalar har gitt resultat. I nokre tilfelle har rekneskapen til forsorgsstyret og/eller kommunen vist at det er dei som har betalt for søkjars institusjonsopphald, og dermed plassert erstatningsansvaret hos gjeldande kommune.

Nokre av sakene har vore utfordrande, og ført til ganske omfattande leiteprosessar. I nokre få tilfelle har det diverre ikkje vore noko dokumentasjon å finne. Fleire av søknadene gjeld opphald ved Sogns barneheim, ein barneheim på Leikanger som no er nedlagd. Arkivet etter denne barneheimen heldt på å bli auksjonert bort, men etter inngripen frå ein tidlegare arkivar ved Fylkesarkivet er arkivet no oppbevart i sin heilskap her på huset. Dette arkivet har vore til stor hjelp i desse sakene.

Sekretariatet for oppreisingsordninga i Sogn og Fjordane har også teke direkte kontakt med kommunane for å få dokumentasjon, samt andre arkivinstitusjonar. Til dømes har Statsarkivet i Bergen og Riksarkivet i Oslo bidrege i fleire av sakene. I nokre tilfelle var barnevernsinstitusjonane framleis i drift, og då kunne dokumentasjon innhentast direkte frå dei. Fleire av dei som er lagde ned har avlevert arkiva sine til andre interkommunale eller fylkeskommunale arkivinstitusjonar, og kan vere verdifulle kjelder til dokumentasjon.

Sekretariatet la òg til grunn granskingsrapportar om tilhøva ved ulike institusjonar. Dette gjeld Fylkesmannen i Hordaland sin granskingsrapport av barnevernsinstitusjonar i Bergen (2001) og Fylkesmannen i Rogaland sin granskingsrapport om tilhøva ved kommunale og private barnevernsinstitusjonar i Rogaland i perioden 1954-1993. Vidare brukar dei NOU-2004:23: «Barnehjem og spesialskoler under lupen – Nasjonal kartlegging av omsorgssvikt og overgrep i barnevernsinstitusjoner 1945-1980».

Kjerstin Risnes ved Fylkesarkivet skreiv masteroppgåva «Det er makt i de foldede hender. Ein studie av Sogns Barneheim frå 1891-1950 med utgangspunkt i den religiøse filantropien», og denne vart nytta av sekretariatet i samband med søknader knytt til opphald ved denne barneheimen. Sekretariatet har hatt kontakt med andre oppreisingsordningar som kan ha hatt søkjarar på institusjonar som ikkje er omhandla i desse granskingsrapportane.

Når det gjeld fosterheimsplasseringar, har ikkje desse vore gjenstand for granskingar i like stor grad. Desse er ofte betre dokumentert gjennom arkivmaterialet i den einskilde sak, og fleire som var plassert i fosterheimar har difor likevel fått oppreising. 

Undervisning i klasserom på Eikelund skole, Avdeling for spesialsamlinger vedUiB, , foto Atelier K. Knudsen.jpg
Undervisning i klasserom på Eikelund skule. Dette er ein av skulane som peika seg ut i oppreisingsarbeidet i tidlegare Sogn og Fjordane. Foto: Atelier K. Knudsen, Avdeling for spesialsamlinger ved UiB. 

Status

Oppreisingsutvalet har i denne perioden handsama 57 søknadar. Det er innvilga oppreising i 37saker. Deltakarkommunane har til saman utbetalt 22 400 000 kroner i oppreising.

Søkarane vart plasserte i tre hovudkategoriar som avgjorde erstatningssummen kvar person fekk:

  • Fysiske/psykiske og seksuelle overgrep: kr 725 000
  • Fysiske og psykiske overgrep: kr 500 000
  • Omsorgssvikt: kr 300 000

Sakene dokumenterer at mange av søkjarane har vore plassert i fosterheim og på institusjonar både i og utanfor Sogn og Fjordane fylke. Vidare kjem det fram at det ved nokre institusjonar/tiltak har vore ei opphoping av plasseringar frå Sogn og Fjordane. Desse tiltaka/institusjonane har peika seg ut:

Kjelder: