Det maritime miljøet i Sunnhordland er ein viktig del av historia til Vestland fylke. I denne artikkelen ser vi nærare på Sagvåg i Stord kommune og båtbyggarmiljøet der, samtidig som vi tek eit djupdykk inn i livet og virket på Ottesens Skipsbyggeri. 

Historia om framveksten av eit aktivt båtbyggarmiljø i Sagvåg er ein historie om gardsbruk, husmenn, omreisande skipperar og eit Noreg som gjennomgår store politiske, sosiale og økonomiske endringar. Arkivet etter Ottesens Skipsbyggeri er ein del av av privatarkivsamlinga til Fylkesarkivet i Vestland. 

Otte Ottesen og båtbyggeriet på Jensaneset

Ottesens 2014_Foto Astrid Carlsen.jpg
Deler av Ottesens Skipsbyggeri slik det er i dag. Foto: Astrid Carlsen, kjelde Wikimedia Commons, lisens: cc by-sa. 

Otte Ottesen vart født i 1802, og han vart i ung alder husmann med eiga jord på garden Jensenæset i Sagvåg. Her budde han i lag med kona Kari Knudtsdatter og dei to hadde ein son, Nils Ottesen, og ei dotter, Gunilde Ottesdatter. Det var vanleg at husmenn lærde seg opp i eit handtverk, for å spe på inntektene dei fekk frå jorda dei eigde eller leigde. I 1825 oppretta han Ottesens Skipsbyggeri, i ei tid då det allereie var eit stort båtbyggarmiljø i Sagvåg. Det var mykje kunnskap om konstruksjon av båtar i omløp i bygda, og eit bra læringsmiljø.

Otte Ottesen kjøpte opp dei andre båtbyggarane på Jensaneset framover mot 1900, noko som tyder på at han raskt fekk drifta til å gå bra. Skipstypane som vart konstruert fram mot 1900-talet var i hovudsak handelsskip til bruk i Østersjøen, samt fiskeskip til bruk i Nordsjøen og ved Island. Skipstypane som vart produsert i denne første perioden av drifta til Ottesens Skipsbyggeri har difor høgst sannsynleg vore jakter, slupper og mogeleg også skøyter, då store typar frakteskøyter var typisk for Sunnhordland på den tida.

Verft med smed og telegrafoperatør

I 1902 overtok barnebarna til Otte Ottesen, Gunvald og Nils Andreas Ottesen, drifta av skipsverftet. Dette hendte samtidig som det kom ein overgangsperiode frå seglbaserte skip til skip drivne av motor, og det vart starta ein stor moderniseringsprosess på verftet. Det kjem tydeleg fram etter overtakinga at drifta har lønna seg bra. I 1910 står Gunvald Ottesen ført opp som skipsbyggar med eige verft på folketeljinga. Tilsvarande gjeld Nils A. Ottesen, og totalt er dei ført opp med 22 tilsette i 1910. Folketeljinga viser at verftet hadde eigen smed (med lærling) og telegrafoperatør.

Stillingstype

Tilsette

Tømmermann

11

Arbeider ved verft

2

Maskinist

2

Smed

1

Smedlærling

1

Montør

1

Telegrafformann

1

Moderniseringsprosessen gjorde at verftet fram mot 1950 bestod på det meste av 5 slippar, 2 flytekranar for løft opp til 8 tonn, sagbruk, snikkerverkstad og eit mekanisk verkstad for reparasjon av båtmotorar.

I 1955 gjekk stafettpinnen vidare til neste generasjon, og brørne Nils og Leif Ottesen samt søskenbarnet Nils Andreas Ottesen tok ansvar for vidare drift.

Båtane

Etter overtakinga i 1902 og fram til 1961 vart det produsert heile 214 nye båtar ved verftet. Blant båtane bygd ved Ottesens Skipsbyggeri i denne perioden var det enkelte spesialbåtar. Dette inkluderer bl.a. «Herman Friele», produsert i 1922 for Bergen Musæums Biologiske Stasjon på Herdla og vart nytta som havforskningsfartøy. Skipet var på utlån til Trondhjem Biologiske Stasjon i perioden 1955 – 1962.

Ottesens Skipsbyggeri bygde også redningsskøyter, bl.a. «Olav Østensjø jr.» og «Haakon 7». «Haakon 7» skilde seg ut ved å vera ein av tre båtar som vart levert som stålbåt, og ikkje trebåt, frå Ottesens Skipsbyggeri.

I 1961 slutta produksjonen av båtar, og det vart berre utført reparasjonsarbeid.

Lokalt kulturminne med stor verdi

kart over jensaneset.jpg

Stord kommune skriv i Kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø frå 2009 at ein på Jensaneset i dag har eit skipsbyggeri anno 1920, som er eineståande i landet. Det er totalinntrykket meir enn einskildobjekta som er viktig i kulturhistorisk samanheng, og denne totalen er så skjør at ein har innført verneområde på store delar av det historiske området, for å sikre at det ikkje vert gjort store inngrep, men at området vert teke vare på for ettertida.

Sagvåg og Ottesens Skipsbyggeri kan vitjast den dag i dag, og det er jamleg omvisingar og arrangement på Jensaneset.

Arkiv

Arkivmaterialet etter Ottesens Skipsbyggeri vart avlevert til Hordaland fylkesarkiv i 1992 og inneheldt skipsteikningar og foto som er av stor verdi for maritim historie. Arkivet spenner frå 1918 til 1985, noko som gjer at det får med seg store delar av moderniseringsprosessen starta av Gunvald og Nils Andres Ottesen.

Arkivmaterialet omfattar mellom anna

  • kopibøker 1921-1978
  • korrespondanse/saksarkiv 1920-1985
  • teikningar og korrespondanse båtar 1918-1983
  • byggeskildringar 1920-1942
  • lagerbøker 1941-1982
  • inn- og utmeldingar trygdekassen 1959-1972
  • lønningsprotokollar 1918-1980, rekneskapar 1917-ca 1980
  • materiale frå Vestlandske fartybyggarlag 1945-1985

Dei mest sentrale delane av arkivet, inkludert skipsteikningar, vert digitaliserte i samband med sikring og tilgjengeleggjering av privatarkiv.

Hermanfrieleplan.jpg

Båtbyggarmiljøet i nasjonal og regional samanheng

Båtbyggarmiljøet i Sagvåg kan plasserast inn i ein større samanheng regionalt og nasjonalt. Etter 1814 vart det ein solid økonomisk vekst i Noreg som følgje av Norske politiske institusjonar og stor befolkningsauke. Fisket vart meir omfattande og organisert og handelsflåten blomstra. Det vart eit auka behov for skip, både til bruk langs kysten og for lengre distansar. Mengda skip i handelsflåten til Noreg auka frå ca. 1200 skip i 1800 til ca. 7800 skip i 1875. Båtbyggarvirket hadde difor gode mogelegheiter for dei som var dyktige nok og fekk eit godt ry på seg blant skipseigarar og sjøfolk.  

Norske handelsmenn og skipperar føretrekte små skip under 200 tonn, for å spreie kapitalrisikoen. Dette var ein fordel for små skipsverft og båtbyggeri, og etterspurnaden dette skapte etter små skip var nok ein av årsakene til at båtbyggarmiljø som det i Sagvåg på Stord kunne oppstå.

Treslaga som vart nytta i norske båtbyggeri var furu og eik. Eik var hovudsakeleg i bruk på Sør – og Østlandet. Alm, bøk, bjørk og ask samt enkelte utanlandske treslag som teak og mahogni vart også nytta, men i svært liten grad samanlikna med furu.

Kjelder