Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Avlevering av privatarkiv

Har du tips om arkiv eller kjelder som kan vere av interesse for oss, er du svært velkomen til å ta kontakt med oss. Kontakt oss også dersom du har du spørsmål om privatarkiv, ønskjer å sjå eit arkiv, eller vil avlevere materiale. Her er ei rettleiing for avlevering av privatarkiv til Fylkesarkivet.

Deponering av kommunale arkiv

Fylkesarkivet gjev råd og rettleiing til kommunane i arbeidet med arkiv. Her er informasjon om og rettleiing for avlevering av nyare kommunale arkiv til Fylkesarkivet. 

Avlevering musikksamlingar

Har du tips om private samlingar med lydopptak, notar eller film som kan vere av interesse for oss, er du svært velkomen til å ta kontakt med oss! Vi vil vurdere om materialet er arkivverdig ut frå ulike krav til relevans og representasjon.

Oppbevaring av lyd- og film i ulike fysiske format.

Har du gamle spoleband og MC-kassettar? Eller kanskje 8mm- og 16mm-film? Ingen av desse lagringsformata varer for evig, og korleis du oppbevarer dei kan ha mykje å seie for levetida. Ta gjerne kontakt med oss for å få tips og råd om oppbevaring av slikt materiale.