Arne M. Sølvberg er folkemusikknestor frå Stryn, og har gjennom heile livet vore ein svært aktiv spelemann og dansar. Utøvande og pedagogisk arbeid har gått hand i hand, og ei rekkje plateutgjevingar og heidersutmerkingar har det òg blitt; For plata Nordfjordslåttar (2006) fekk han Spellemannprisen, og i 2010 fekk han H. M. Kongens fortenestemedalje i sølv for sin innsats for norsk folkemusikk. For å nemne nokre.

- Arkivet, anten det no er fylkesarkivet eller andre arkiv, er etter mitt syn svært viktige for dei komande generasjonane både av musikarar, forskarar og andre interesserte.

Lære gamle eller lage nye?

Sølvberg har vore ein flittig brukar av arkivkjelder i alle år, og han har også ei stor privat lydsamling. I arkivkjeldene finn han nytt repertoar til seg sjølv, til spelemannslaget han leiar, og til grupper han spelar i. Drivkrafta er å lære om ulike spelestilar, men han har også komponert ei rekkje slåttar i tradisjonell stil.

- Rikeleg lytting på arkivmateriale kan og gje meg kunnskap om vandringsvegane til slåttane og gje litt oversyn over ulike variantar av same slåtten. Eg prøver å vere nøye med å lære slåttar frå opptak så godt som råd etter kjelda, men stundom har eg plukka det eg likar best frå fleire kjelder til same slåtten og kome ut med mi eiga form. Dersom det er slåttar eg ikkje tykkjer er bra, så får dei heller ligge i fred enn at eg skal tukle med dei for å gjere dei betre. Då lagar eg heller nye slåttar frå grunnen av.

Bordunspel med frisk rytme og snert

Før Sølvberg sjølv tok til som musikalsk leiar i spelemannslaget Fjelljom, var han aktiv deltakar i laget under leiing av sambygdingen Samuel Bergset. Sølvberg angrar på at han i ungdomen ikkje gjekk til Bergset for å lære springarspel, då dei i laget spelte mest runddans. Men han fekk seinare høyre opptak av Bergset som var spelt inn i NRK i 1948, og det var eit saftig og rytmisk springarspel med snert. Seinare kom det også andre dokumentasjonar på denne spelemåten.

- Det var ei stor oppleving då voksrullopptaka frå 1921 med stryningen Jens Maurseth (1863 – 1927), læremeisteren til Bergset, kom fram att i lyset. Dei stadfesta at Samuel hadde teke vel vare på denne friske spelestilen.

Dansearven i arkivet

Sølvberg fekk i samband med dansestudiar ved Rff-sentret/NTNU høve til å studere filmopptak med eldre dansarar. Der fann han mellom anna opptak av sin eigen far, Mathias N. Sølvberg, som dansa springar med Aslaug Bennes frå Innvik.

- Då eg studerte desse opptaka hadde far vore død i fleire år. Gjennom å sjå filmopptak av han og andre har eg fått greie på mykje som eg ikkje hadde vit til å spørje om og studere medan kjeldene var i levande live. Så eg seier hurra for dansearkivet!

Notar og lydopptak

På dei mange plateutgjevingane sine har Sølvberg spelt inn slåttar han har lært frå både lydopptak og slåttar skrivne ned på notar. I fylket vårt var det særleg folkemusikksamlarane Arne Bjørndal og Ola Ryssdal som dokumenterte folkemusikken på notar. Mange av slåttane har ikkje vore spelt på mangfaldige år, men har fått nytt liv gjennom utøvarar som Sølvberg.

- Slike noteoppskrifter er og ein svært viktig del av arkiva, men dei ville ikkje hatt den same verdien utan å ha lydopptak av andre slåttar i same tradisjonen som på den måten fortel noko om korleis notane skal tolkast.

Levande arkiv varar ikkje evig

Sølvberg «saumfær» framleis arkiva på jakt etter nytt stoff til spelemannslaget han leiar. Men som utøvande solospelemann er han ikkje ein like aktiv brukar som før. Kanskje har han gått frå å bruke arkiv til å vere eit arkiv?

- Stundom oppdagar eg at eg er ein aldrande mann og går rundt som eit levande arkiv. Men slike ”arkiv” varer ikkje evig, så eg er glad for at det finst eit offentleg arkiv som tek vare på mine og andre sine innspelingar, og vi får vone at politikarane både vil verdsetje og løyve midlar til denne institusjonen i framtida.