Ordningsprosjektet har i røynda vore todelt. Ikkje så reint lite av arkivet vart for fleire år sidan gjennomgått og katalogført på eigne kort. Det er del av ein større katalog som vart utarbeidd for det skriftlege materialet som kom inn til De Heibergske Samlinger-Sogn Folkemuseum.

Men mykje brev og protokollar stod òg att på garden, og har ikkje tidlegare blitt ordna. Ei målsetjing med dette prosjektet har vore å samanføre alt tilfanget frå Øvre Amla i ein katalog.

Framleis står det att litt materiale på Amla, men i denne omgang er arbeidet avrunda. Arkivkatalogen finn du nedanfor.