Høyanger Faglege Samorganisasjon vart stifta sommaren 1916. Det første referatet er ikkje ført inn i møteprotokollen, så den nøyaktige skipingsdatoen er usikker.

Samorganisasjonen var ei fellesforeining for ulike arbeidstakarorganisasjonar i Høyanger. Ettersom dei hadde same arbeidsgjevar, var det naturleg at dei samarbeidde om løyse felles problem og slåss for saker som galdt alle arbeidarane.

Høyanger Faglege Samorganisasjon hadde stor aktivitet første halvtanna året. Ei viktig sak var bygginga av Folkets Hus. Frå desember 1918 til mars 1920 låg organisasjonen i dvale, og det blei diskutert om han skulle oppløysast eller bli freista vidareført. Arbeidarane valde det siste, og litt om litt tok aktiviteten seg opp att.

Organisasjonen har vore gjennom ei rekkje namneendringar. Opphavleg vart den stifta som Høyanger Fellesorganisasjon. I 1918 blei foreininga omdanna til Høyanger Samorganisasjon. I samsvar med eit vedtak på LO-kongressen i 1953 om oppretting av distriktskontor under LO, gjekk fagforeiningsstyra i Vadheim og Høyanger saman om å opprette Kyrkjebø faglige samorganisasjon, med verknad frå 1958. I dag er namnet LO Ytre Sogn, og dekningsområdet er utvida til også å omfatte Hyllestad.

Vi takkar Arbark for den generøse støtta til ordninga av dette viktige arbeidararkivet frå Høyanger!

Møtebøkene frå denne tidlege perioden har vi digitalisert og lagt ut på internett.

Møtebok 1916-1921

Møtebok 1921-1921

Høyanger Faglege Samorganisasjon på Arkivportalen