Rasmus Yri frå Olden var ein energisk kar med mange jarn i elden. Han dreiv mellom anna landhandel og telegrafstasjon, og var i tillegg postopnar.

Men han er kanskje mest kjent som høgre handa åt William Singer, den styrtrike amerikanske malaren som slo seg ned i Olden og strødde milde gåver utover heile Nordfjord.

I arkivet finst det såleis mykje informasjon om ekteparet Singer og dei tiltaka dei gav støtte til. Det er protokollar og teikningar frå Nordfjord Sjukehus, kyrkjebygging, vegen Olden-Innvik m.m. Materialet er nok litt kaotisk enno, så vi har førebels ikkje heilt oversikt over innhaldet.

Det er eit særs spanande kjeldetilfang som har fått plass i magasina våre.

Vi takkar Reidar Yri for det innleverte materialet, og Jon Rasmus Langeset Vik for tips om arkivet!