Det er eit stort og spanande arkiv Per Håland etterlet seg. I omfang dreier det seg om 7,5 hyllemeter. Det inneheld korrespondanse, manuskript, foto og mykje meir. Katalogen finn du på Arkivportalen.

Fylkesarkivet takkar Norsk kulturråd for tilskot, og prosjektarbeidar Bodil Marie Nornes for godt gjennomført ordningsarbeid.

Nedanfor har me lagt ut ein liten smakebit frå arkivet. Det er eit manuskript frå radioprogrammet "Min barndom", sendt i NRK 29.08.1979. Per fortel om oppveksten sin i Høyanger. Mellom anna minnest han bestemora som fortalte om stølslivet då ho sjølv var ung. Ho hadde sett bjørn fleire gonger på stølen. Kom han om natta, så skremde dei han med faklar. Dersom han derimot dukka opp om dagen "var siste utvegen å lette på stakken, for då vart bjørnen blyg".

Les meir her: