Arkivet etter Stegegjerdet består av ei rekkje handskrivne musikkmanuskript og lydopptak med både Stegegjerdet og andre utøvarar. Fylkesarkivet har fått god hjelp av Helene Myklemyr Bolstad, trekkspelar og tidlegare elev av Stegegjerdet, til å ordne musikkmanuskripta og kartlegge kva utøvarar og verk som er dokumentert på lydopptaka.
Katalog på Arkivportalen
Musikkmanuskripta står no trygt oppbevart i magasinet vårt, og publikum kan søkje i arkivkatalogen via Arkivportalen (lenkje). Arkivet er fritt tilgjengeleg for ålmenta, og vi oppmodar deg om å ta kontakt med oss dersom du ønskjer å sjå nærmare på notesamlinga. Katalog over lydopptaka vil etter kvart bli tilgjengeleg for søk i nettløysing for tradisjonsmusikksamlinga.
Stegegjerdet sitt liv og virke
Biografiske opplysingar og kunnskapen om privatpersonar sitt virke kan i mange tilfelle vere utfordrande å dokumentere og formidle, og det er difor ei stor glede for oss at Myklemyr Bolstad også vil dele studentoppgåva ho har skrive om Stegegjerdet. Her kan vi lese om det mangefasetterte livet og virket hans, og alle opplysingane i oppgåva er med på å setje arkivet hans inn i ein breiare kontekst. Trykk på på denne lenkja for å laste ned og lese oppgåva.
Lytte til musikken?
Ta gjerne kontakt med oss dersom du ønskjer å lytte til opptak med Stegegjerdet. Dersom du ikkje klarar å vente, så kan du sjekke ut plateutgjevinga hans "God gammel" frå 1981 på musikkstraumetenesta TIDAL eller SPOTIFY.