Hotellarkivet frå Fjærland blir det første i sitt slag som får plass i Noreg dokumentarv. Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering tok imot diplomet som er det synlege beviset på opptaket til Noregs dokumentarv under eit lanseringsseminar på Litteraturhuset i Oslo. På bilete kan vi sjå Stian Davies med diplomet saman med Arnt Ola Fidjestøl (t.v), seksjonsleiar arkiv i Vestland fylkeskommune, og Olav Orheim og Hilde Mauritzen, som representerer familien som starta Hotel Mundal.

Arkivet etter Hotel Mundal er eitt av ni arkiv som vert teke opp i registeret i 2022, det første hotellarkivet nokon gong. Totalt kom det inn 29 nominasjonar. Noreg dokumentarv er den norske delen av UNESCO-programmet Memory of the World og skal gje eit breitt og representativt bilde av dokumentarven i Noreg.

6577717_4847459.jpg

Skyssvogner oppstilt framfor Hotel Mundal i Fjærland. ( a href="https://www.flickr.com/photos/fylkesarkiv/3455396057/in/album-72157616864065131/

Grunngjevinga

Det er den norske komiteen for verdens dokumentarv som avgjer kva dokument som blir innskrivne i registeret Noreg dokumentarv. I grunngjevinga for å innlemme arkivet etter Hotel Mundal skriv komiteen:

Arkivet etter Hotel Mundal dokumenterer turisme og reiselivsnæring frå oppstarten av hotellet i 1891 og fram til om lag 1980, og det i eit av dei mest ikoniske vestlandske fjordområda som både gjorde Noreg kjent som reisemål på 1800-talet og som var og er ein viktig turistdestinasjon fram til i dag. Det nær komplette arkivet etter Hotel Mundal er unikt i nasjonal samanheng med sin samanhengane dokumentasjon som gir eit tidsbilete av turismen frå framveksten av den utanlandske turistferdsla på slutten av 1800-talet, gjennom krig og krisetider, til det moderne reiselivet etter andre verdskrigen.

Unik dokumentasjon av kvardagen

Frå 1850-talet kom ei aukande mengd turistar til Noreg. Ei av årsakene var ei ny interesse for naturen. I starten var det særleg britiske laksefiskarar, jegerar og fjellklatrarar som kom til Noreg. Reisemåla var som regel fjordane, breane og fjella på Vestlandet.

I 1858 byrja det første dampskip i rute å trafikkera Nordre Bergenhus Amt - det som i dag er det gamle Sogn og Fjordane fylke, og det kom stadig fleire båtruter på Sognefjorden, noko som førte til ei auke i turistar.

Den moderne turismen kom til Sogn og Fjordane og det er fleire plassar i regionen som har hatt turisme som ein av hovudnæringane frå sluten av 1800-talllet. Både Fjærland og Balestrand trekte til seg seg gjestar frå dei øvre samfunnsjikt. Kviknes Hotel stod ferdig i 1890 og Hotell Mundal i 1891. Begge hotella vart populære mål for utanlandske turistar. Turismen resulterte i ei kraftig utvikling av hotellnæringa. Fleire reiselivsorganisasjonar vart òg oppretta på slutten av 1800-talet.

Turistane kom til Fjærland med skip. Herifrå var det hesteskyss frå kaia til høvesvis Bøyabreen. Det skapa grunnlaget for eit organisert skyssopplegg og betre vegar. Fjærland fekk sitt første skysslag i 1889.