Elen og Mathilde

Vestland fylkeskommune feirar dagen med å løfte fram ei fotosamling som dukka opp i arbeidet med arkivet etter fotografen Elen Loftesnes (1905-1979) frå Sogndal. Mellom hennar landskapsbilete og atelier-portrett finn me også svært mange bilete av ei ukjend kvinne, som viste seg å vere Mathilde Pettersen frå Bergen. Elen og Mathilde budde i lag i Sogndal på 1930- og 40-talet, fram til Mathilde døydde i 1953. 

Bileta viser kvardag, feiringar, familiebesøk, turar og naturopplevingar som Elen og Mathilde delte. I lag med andre kjelder som har komme til i arbeidet med arkivet, er bileta ein dokumentasjon på to kvinner som levde i lag og var kvarandre sine nærmaste. I desse bileta kan me også få eit innblikk i korleis det var mogeleg for ei ung kvinne å ta utradisjonelle valg og forme sitt eige liv i ei vestlandsbygd på 1930- og 40-talet.

 

Synleggjering av skeive arkiv

Historia om Elen og Mathilde viser at skeiv historie er noko som ikkje alltid er synleg og openberrt, og i arkivinstitusjonane er det ei utfordring å finne spor etter skeive liv og skeiv historie. Denne dagen er difor ei viktig påminning om at arkiva har ansvar for å dokumentera alle delar av samfunnet, og særskilt dei som tidlegare var gløymde og gjort usynlege. Dette ansvaret er viktig ikkje berre i feståret 2022, men i det daglege arbeidet i arkiva. Skeive historiar må løftast fram frå gløymsle i våre eigne arkiv og samlingar, og dei må samlast inn frå samfunnet rundt oss og ivaretakast for ettertida. 

 

Sjå bileta av Elen og Mathilde på Flickr

Fylkesarkivet har laga ei samling av bileta som viser Elen Loftesnes og Mathilde Pettersen sitt liv i lag. Dette er privatbilete frå Elen Loftesnes sitt arkiv, og bilete som har vorte lånte inn frå Mathilde sine slektningar i Bergen. 

Sjå bileta av Elen og Mathilde på Flickr

Tidlegare har fylkesarkivet jobba mykje med arkivet etter Elen Loftesnes. Her kan du lese ein lengre artikkel om hennar liv og virke som fotograf, og du kan også gjere søk i fotoarkivet hennar som er digitalisert og ligg tilgjengeleg i vårt webarkiv for foto.

Les meir om fotograf Elen Loftesnes i Kulturhistorisk leksikon

Sjå heile fotoarkivet etter Elen Loftesnes i Webarkiv for foto