Program for Arkivdagen 2016

10.30 - 11:00: Kaffi og velkomst

11:00 - 12:00:

Velkomen til Arkivdagen ved fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl

Skulen før i tida, kåseri

Skulemysteriet i Sogn og Fjordane, ved Gunnar Yttri

12:00 - 13:00: Varm lunsj

13:00 - 14:00: Verkstader

14:00 - 14:30: Kaffi og biteti

14:30 - 16:00: Verkstader

16:00 - 16:30: Oppsummering og avslutning

 

Musikkverkstad: Leik og musikk i skulen

Ta den ring, Fager kveldsol smiler, O du som metter, Elle melle - songleikar, salmar, bordvers, rim og regler sit i minna. Musikken, og særleg songen, har til alle tider vore ein viktig del av skulen, både i klasserommet og i skulegarden. På denne verkstaden presenterer musikkarkivet materiale frå samlingane sine, og kanskje har du ein song, ei regle eller ein leik du vil dele med oss?

Skuleverkstad: Korleis kan du bidra i skuleprosjektet?

Fylkesarkivet og fylkeskommunen kartlegg og formidlar skulehistoria i Sogn og Fjordane. Prosjektet "Skulen min" treng di hjelp! Sit du på kunnskap eller vil dele dine skuleminne? Kom å få ei innføring i korleis du kan bidra. Her kan du lære å laste opp bilete og skrive artiklar på nett.

Verkstad: Dykk i arkivet

Fylkesarkivet viser fram skattar frå skulearkiva. Bli med på omvising i magasinet til fylkesarkivet og sjå nærare på kjeldene vi brukar i arbeidet med å kartleggje skulehistoria. Ei lita lærebokutstilling kan vi også by på.

Skulemysteriet Sogn og Fjordane

Gunnar Yttri frå Høgskulen i Sogn og Fjordane kjem og trekk dei historiske linjene i skulehistoria til Sogn og Fjordane. Kanskje har han eit svar på kvifor vi gjer det så bra!